Utbetaling av alderspensjon

Nedanfor kan du sjå ein nærare forklaring av ulike omgrep som blir brukte for å rekne ut alderspensjon og om utbetaling av alderspensjon.

Pensjonen frå SPK blir utbetalt månadleg frå Nav saman med eventuelle ytingar frå folketrygda. Dei informerer om forhold ved sjølve utbetalinga, som til dømes skatt. Du kan lese meir på nettsidene deira www.nav.no.

Får du to eller fleire utbetalingsbrev?

Har du for eksempel både alders- og etterlattepensjon frå SPK, vil du få to utbetalingsbrev. Samla pensjon vil vere summen av pensjonane i dei to breva.

Alderspensjon ved 67 år og seinare

Pensjonsgrunnlag

PensjonsgrunnlagetPensjonsgrunnlagPensjonsgrunnlaget er den arbeidsinntekta det er trekt pensjonsinnskot av og som pensjonen skal bli berekna ut frå.Mer om Pensjonsgrunnlag er den arbeidsinntekta det er trekt pensjonsinnskot av, og som pensjonen din blir rekna ut frå. Normalt er pensjonsgrunnlaget det same som løn pluss godkjende tillegg. Løn inntil 12 GGrunnbeløp (G)Grunnbeløpet i folketrygda, som vi ofte kallar G, blir justert ein gong i året og er 130 160 kroner per 01.05.2025.Mer om Grunnbeløp (G) går inn i pensjonsgrunnlaget. Om du har jobba heiltid eller deltid, er òg med på å avgjere storleiken på pensjonsgrunnlaget.

Oppteningstid

OpptjeningstidenOpptening / opptjening / tenestetid / tjenestetidDen tida du har vore medlem i Statens pensjonskasse og andre offentlege tenestepensjonsordningar blir kalla oppteningstid eller tenestetid.Mer om Opptening / opptjening / tenestetid / tjenestetid er den tida du har vore medlem av SPK eller ei anna offentleg tenestepensjonsordning omfatta av overføringsavtalenOverføringsavtalenHar du vore medlem av fleire offentlege tenestepensjonsordningar, vil den norske overføringsavtalen sikre at dei ulike periodane blir slått saman.Mer om Overføringsavtalen. Full oppteningstid er 30 år. Er oppteningstida kortare, blir pensjonen forholdsmessig redusert. Dersom du har slutta i stilling før retten til pensjon tek til, utgjer full oppteningstid mellom 30 og 40 år.

Pensjonsgrad

Pensjonsgraden viser kor stor del av pensjonen som blir utbetalt. Pensjonsgraden blir rekna ut etter forholdet mellom stilling eller inntekt du hadde før pensjonering og eventuell stilling eller inntekt du har etter pensjonering.

Barnetillegg

For kvart barn under 18 år du forsørgjer, får du eit barnetilleggBarnetilleggDersom du som pensjonist forsørgjer barn under 18 år, kan du ha krav på tillegg i pensjonsutbetalinga.Mer om Barnetillegg på 10 prosent. Pensjonen inkludert barnetillegg kan likevel ikkje overstige 90 prosent av pensjonsgrunnlaget.

Forholdstal og delingstal

Alderspensjonen blir justert etter forventa levealder. Dette er uttrykt ved eit fastsett forholdstallForholdstal / forholdstallPensjonen din skal fordelast på antal år som folk i ditt årskull er forventa å leve. Mer om Forholdstal / forholdstall og/eller delingstallDelingstal / delingstallDelingstalet fortel kor mange år ein person i årskullet kan forvente å leve etter å ha gått av med pensjon.Mer om Delingstal / delingstall for kvart enkelt årskull. Forholdstalet og delingstalet blir rekna ut av Statistisk sentralbyrå og blir brukte til å levealdersjustereLevealdersjusteringPensjonen du har tent opp skal fordelast på gjennomsnittlig forventa levealder for ditt årskull. Dette blir kalla levealdersjustering. Kvart årskull må jobbe lenger for å få same pensjon som dei som er eldre enn seg.Mer om Levealdersjustering pensjonen din. Levealdersjustering betyr at pensjonen skal justerast ned ut frå når du tek ut pensjonen, og den forventa levealderen for årskullet ditt.

Alderspensjon før 67 år - særaldersgrense

Viss du hadde særaldersgrenseSæraldersgrenseNokre stillingar har lågare aldersgrense enn 70 år. Det kallar vi særaldersgrense. Mer om Særaldersgrense og har gått av med alderspensjon før 67 år, blir pensjonen din rekna ut på ein spesiell måte fram til du fyller 67. Ho blir mellom anna ikkje levealdersjustert, og viss du har teke ut alderspensjon frå folketrygda, reknar vi ikkje samordningsfrådrag for denne. Frå månaden etter at du fyller 67 år vil du få vanleg alderspensjon, og utbetalinga frå SPK blir lågare. Les meir om alderspensjon før 67 år på denne sida.

Alderspensjon er utforma forskjellig for ulike årskull

Levealdersjustering

Det gjeld ulike reglar for levealdersjustering for ulike årskull.

Viss du er fødd i 1953 eller tidlegare

Alderspensjonen din blir levealdersjustert med forholdstallForholdstal / forholdstallPensjonen din skal fordelast på antal år som folk i ditt årskull er forventa å leve. Mer om Forholdstal / forholdstall.

Viss du er fødd 1954 – 1962

Éin del av alderspensjonen din blir levealdersjustert med forholdstal, og den resterande delen blir levealdersjustert med delingstal. Fordelinga mellom dei to typane levealdersjustering varierer med kva år du er fødd:

  • 1954-kullet: 9/10 levealdersjustert med forholdstal og 1/10 med delingstal
  • 1955-kullet: 8/10 levealdersjustert med forholdstal og 2/10 med delingstal
  • 1956-kullet: 7/10 levealdersjustert med forholdstal og 3/10 med delingstal
  • 1957-kullet: 6/10 levealdersjustert med forholdstal og 4/10 med delingstal
  • 1958-kullet: 5/10 levealdersjustert med forholdstal og 5/10 med delingstal
  • 1959-kullet: 4/10 levealdersjustert med forholdstal og 6/10 med delingstal
  • 1960-kullet: 3/10 levealdersjustert med forholdstal og 7/10 med delingstal
  • 1961-kullet: 2/10 levealdersjustert med forholdstal og 8/10 med delingstal
  • 1962-kullet: 1/10 levealdersjustert med forholdstal og 9/10 med delingstal

Viss du er fødd 1963 eller seinare

Alderspensjonen din blir levealdersjustert med delingstal.

Garantitillegg

For garantitillegg gjeld det òg ulike regelverk for dei forskjellige årskulla.

Viss du er fødd i 1953 eller tidlegare

Alderspensjon frå SPK etter samordning og alderspensjonen frå folketrygda skal til saman utgjere minst 66 prosent av pensjonsgrunnlaget, viss du har full oppteningstid. Det er ein føresetnad at begge pensjonane blir tekne ut frå same tidspunkt. Viss pensjonen frå SPK og folketrygda, justert med forholdstal, utgjer eit lågare beløp, blir det utbetalt eit garantitilleggGarantitilleggEr du fødd til og med 1958 har du ein såkalla individuell garanti. Mer om Garantitillegg lik differansen.

Viss du er fødd 1954-1958

Alderspensjon frå SPK etter samordning og alderspensjonen frå folketrygda skal til saman utgjere minst 66 prosent av pensjonsgrunnlaget, viss du har full oppteningstid. Det er ein føresetnad at begge pensjonane blir tekne ut frå same tidspunkt. Viss pensjonen frå SPK og folketrygda, justert med forholdstal og delingstal, utgjer eit lågare beløp, blir det utbetalt eit garantitilleggGarantitilleggEr du fødd til og med 1958 har du ein såkalla individuell garanti. Mer om Garantitillegg lik differansen.

Viss du er fødd 1959-1962

Utgangspunktet er garantiberekning slik ho blir gjort for årskulla til og med 1958. Dersom berekninga tilseier at det skal utbetalast eit garantitillegg, blir garantitillegget redusert med ein gitt prosentsats for kvart årskull:

  • 1959-kullet får 90 prosent av fullt garantitillegg
  • 1960-kullet får 80 prosent av fullt garantitillegg
  • 1961-kullet får 70 prosent av fullt garantitillegg
  • 1962-kullet får 60 prosent av fullt garantitillegg

Garantitillegget blir òg avkorta dersom du ikkje hadde full opptening i SPK før 01.01.2011. Avkortinga skjer ut frå forholdet mellom tenestetida di før 01.01.2011 og full tenestetid.

Samordningsfrådrag

Vi samordnar pensjonen frå SPK med mellom anna ytingar frå folketrygda. Det betyr at vi gjer frådrag i pensjonen frå SPK. Samordningsfrådraget viser samla frådrag som følgje av samordningSamordningPensjonen frå Statens pensjonskasse og andre offentlege tenestepensjonsordningar skal samordnast med ytingar frå folketrygda. Samordningslova regulerer fordelinga av utbetalinga av pensjon frå folketrygda og offentlege tenestepensjonsordningar. Mer om Samordning. Samordningsfrådraga blir levealdersjusterte på same måte som alderspensjonen din.

Viss du er fødd 1954-1962

Du vil få ei todelt berekning av alderspensjonen frå folketrygda. Samordningsfrådraga vil då òg bli rekna ut på to ulike måtar, tilpassa berekninga frå folketrygda.

Inntekt - gjeld både alderspensjon før og etter 67 år

Arbeidsinntekt kan kombinerast med alderspensjon, men slik inntekt vil i mange tilfelle påverke pensjonen. Inntekt frå tilsetjingsforhold som gir medlemskap i SPK, eller i andre offentlege ordningar omfatta av overføringsavtalenOverføringsavtalenHar du vore medlem av fleire offentlege tenestepensjonsordningar, vil den norske overføringsavtalen sikre at dei ulike periodane blir slått saman.Mer om Overføringsavtalen, gir avkorting i pensjonen frå SPK. Tilsetjingsforhold der du får pensjonistavlønningPensjonistlønnAlderspensjonistar kan bli engasjerte i staten eller skuleverket på pensjonistlønn. Då blir som hovudregel ikkje alderspensjonen hos oss redusert.Mer om Pensjonistlønn gir ikkje avkorting.

Regulering av pensjon - gjeld både alderspensjon før og etter 67 år

Alderspensjonen din blir regulertReguleringPensjonsrettane dine blir regulerte kvart år slik at dei opprettheld verdien over tid. Reguleringen tar utgangspunkt i eit snitt av løns- og prisveksten i samfunnet.Mer om Regulering årleg med eit gjennomsnitt av lønns- og prisveksten i samfunnet. Ved første regulering etter at du gjekk av med pensjon, blir reguleringa justert etter kor mange månader du har motteke pensjonen.