Barne­tillegg

Dersom du som pensjonist forsørgjer barn under 18 år, kan du ha krav på tillegg i pensjonsutbetalinga.

Barnetillegg ved alderspensjon

For kvart barn utgjer barnetillegget 10 prosent av bruttopensjonen. Pensjonen inkludert tillegg for barna kan ikkje overstige 90 prosent av pensjonsgrunnlaget. Barnetillegget stansar månaden etter barnet fyller 18 år og kan ikkje forlengjast.

Barnetillegget skal ikkje samordnast med ytingar frå folketrygda.

Barnetillegg ved uførepensjon

For kvart barn som du forsørgjer, får du eit barnetillegg på 4 prosent av pensjonsgrunnlaget Pensjons­grunnlag Pensjonsgrunnlaget er den arbeidsinntekta det er trekt pensjonsinnskot av og som pensjonen skal bli berekna ut frå. Mer om Pensjons­grunnlag opp til 6 G. Samla barnetillegg kan ikkje overstige 12 prosent av pensjonsgrunnlaget opp til 6 G.

Barnetillegget blir redusert dersom du ikkje har full oppteningstid Opptenings­tid Den tida du har vore medlem i Statens pensjonskasse blir kalla oppteningstid. Dette vil normalt seie den tida du har jobba i ei statleg stilling og har betalt pensjonsinnskot. Permisjonar i samsvar med med permisjonsavtalen gir deg også oppteningstid. Mer om Opptenings­tid eller heil uførepensjon.

Barnetillegget stansar månaden etter at barnet fyller 18 år.