Samordning

Pensjonen frå Statens pensjonskasse og andre offentlege tenestepensjonsordningar skal samordnast med ytingar frå folketrygda. Samordningslova regulerer fordelinga av utbetalinga av pensjon frå folketrygda og offentlege tenestepensjonsordningar.

Samordning skjer ved at ytingane i folketrygda blir utbetalte i sin heilskap, mens tenestepensjonen blir redusert. Reduksjonen - frådraget - blir berekna med utgangspunkt i det du får utbetalt frå folketrygda.

Samordning med grunnpensjon

Vi reduserer tenestepensjonen din med ein sum på inntil 75 prosent av grunnbeløpet Grunn­beløp Grunnbeløpet i folketrygda, som vi ofte kallar G, blir justert ein gong i året og er 93 634 kroner per 01.05.2017. Mer om Grunn­beløp  i folketrygda (1 G).

Dersom du ikkje har full opptening, har jobba deltid eller tek ut delvis pensjon, reduserer vi frådraget for grunnpensjonen Grunn­pensjon Storleiken på grunnpensjonen frå folketrygda er avhengig av sivilstand og kor lenge du har vore medlem i folketrygda. Mer om Grunn­pensjon  samhøvande mot desse tre faktorane.

Samordning med tilleggspensjon og pensjonstillegg/særtillegg

Vi reduserer tenestepensjonen din med inntil heile tilleggspensjonen og eventuelle pensjonstillegg/særtillegg.

Dersom du har hatt inntekt som ikkje har vore pensjonsgivande i tenestepensjonsordninga, vil vi ikkje gjere frådrag for dette. Vi bereknar ein tilleggspensjon ut frå pensjonsgrunnlaget ditt hos oss. Denne tilleggspensjonen bruker vi i samordninga dersom det gir deg eit lågare frådrag enn den tilleggspensjonen i folketrygda gjer.

Dersom du ikkje har full opptening eller tek ut delvis pensjon, reduserer vi frådraga for  tilleggspensjonen Tilleggs­pensjon Storleiken på tilleggspensjonen frå folketrygda er avhengig av tidlegare arbeidsinntekt (pensjonsgivande innekt) og antal år med arbeidsinntekt. Mer om Tilleggs­pensjon og pensjonstillegget/særtillegget Pensjons­tillegg/ særtillegg Har du hatt låg eller inga opptening av tilleggspensjon i folketrygda, får du også pensjonstillegg eller særtillegg. Mer om Pensjons­tillegg/ særtillegg samhøvande mot desse faktorane.

Andre pensjons- og trygdeytingar  

Vi skal også samordne med ein del andre pensjons- og trygdeytingar, som for eksempel krigspensjon, yrkesskadetrygd og pensjon frå Pensjonstrygden for sjømenn.

Samordningslova omfattar:

  • tenestepensjonsordningar
  • personskadetrygd
  • ytingar frå folketrygda
  • avtalefesta pensjon (AFP)