Pensjonistlønn

Alderspensjonistar kan bli engasjerte i staten eller skuleverket på pensjonistlønn. Då blir som hovudregel ikkje alderspensjonen hos oss redusert.

Alderspensjonistar kan inngå avtale med arbeidsgivar om arbeid etter visse vilkår og pensjonistlønn. Dersom du er alderpensjonist og blir engasjert på pensjonistvilkår, det vil seie at du får pensjonistlønn, beheld du som hovudregel pensjonen frå oss utan reduksjon. Dette gjeld uavhengig av kor mykje du tener.

Nokre kriterium for å bli engasjert på pensjonistlønn må vere oppfylt:

  • Det er eit vilkår at du har alderspensjon frå Statens pensjonskasse. Det vil seie at du har slutta i tidlegare stilling. 
  • I Statens personalhandbok 2015 står blant anna: Det er ein føresetnad at slikt engasjement skal gjelde kortvarig (tilfeldig) arbeid, og ikkje vere oppgåver av fast og varig karakter, og skal heller ikkje vere ei vidareføring av tidlegare arbeidsforhold.
  • Pensjonistlønn kan ikkje kombinerast med AFP og uførepensjon.

Pensjonistlønna per 1. januar 2017:

  •  196 kroner per time

Undervisningspersonell

For undervisingspersonell som har teke ut alderspensjon, men som blir engasjert til å undervise på pensjonistvilkår, gjeld eigne reglar. Per 1. januar 2017 blir pensjonistlønn for undervisingspersonell tilknytt kommunal tariff berekna slik:

196 kroner per time x 1 400/årsramma i faget

Kontakt arbeidsgivaren din dersom du har nærmare spørsmål om pensjonistlønn for undervisingspersonale tilknytt kommunal tariff.