Forholds­tal

Pensjonen din skal fordelast på den mengda år årskullet ditt blir forventa å leve. Det betyr at storleiken på pensjonen din blir påverka av kor gammal du er når du vel å ta ut pensjon, og kor gammal det blir forventa at årskullet ditt blir i gjennomsnitt. Dette prinsippet blir kalla  levealdersjustering. Levealders­justering Pensjonen du har tent opp skal fordelast på den mengda år årskullet ditt blir forventa å leve. Dette blir kalla levealdersjustering. Så lenge levealderen aukar, må kvart årskull jobbe lenger enn det førre for å oppnå same pensjon. Mer om Levealders­justering

Forholdstal - eit eksempel

Er du fødd i 1949 er det vurdert at du får følgjande forholdstal:

62 år  1,319
63 år 1,261 
64 år 1,203
65 år 1,145
66 år 1,088
67 år 1,030

Som oversikta viser, er forholdstalet ditt avhengig av når du tek ut pensjonen din. Dess lenger du ventar med å ta ut pensjon, desto lågare blir forholdstalet – og pensjonen din blir høgare. Det er fordi pensjonen du har tent opp, skal utbetalast over færre år.

Kven gjeld forholdstal for?

  • Alle som har offentleg tenestepensjon
  • Alle som er født i åra 1943 til 1962, og som tener opp pensjon i folketrygda heilt eller delvis etter  besteårsregelen Besteårs­regelen Besteårsregelen er den gamle oppteningsmodellen i folketrygda, der pensjonen blir berekna ut frå dei 20 åra du har hatt høgast løn. Besteårsregelen skal gradvis fasast ut, men gjeld framleis for nokre årskull. Mer om Besteårs­regelen .

Forholdstal i offentleg tenestepensjon - eit eksempel

Som medlem i Statens pensjonskasse får du 66 prosent av pensjonsgrunnlaget i alderspensjon, før levealdersjustering. Vilkåret er at du har full opptening, som er 30 år. Levealdersjusteringa skjer ved hjelp av eit forholdstal.

Eksempel – ein person fødd i 1949

  • Tek ut tenestepensjon som 67-åring
  • Pensjonsgrunnlag: 500 000 kroner
  • Brutto pensjon (66 prosent av pensjonsgrunnlag)* = 330 000 kroner
  • Forholdstal: 1,030
  • Alderspensjon frå Statens pensjonskasse etter levealdersjustering* = kr 330 000 / 1,030 = 320 388 kroner per år

* Før samordning med alderspensjonen frå folketrygda.

Eit forholdstal i offentleg tenestepensjon kan ikkje bli lågare enn 1.

Forholdstal i folketrygda - eit eksempel

Den som tener opp alderspensjon frå folketrygda etter besteårsregelen, får berekna ei årleg yting. Denne ytinga skal levealdersjusterast. Også her blir det nytta eit forholdstal.

Her er eit reknestykke for ein person som er født i 1949 og som tek ut pensjon som 67-åring:

  • Årleg alderspensjon før levealdersjustering: 219 677 kroner
  • Vurdert forholdstal: 1,030
  • Årleg alderspensjon etter levealdersjustering = kr 219 677 / 1,030 = 213 279 kroner

I folketrygda kan forholdstalet blir mindre enn 1. Her ser du kva det kan bety for ein som er født i akkurat 1949:

62 år 1,319
63 år 1,261
64 år 1,203
65 år 1,145
66 år 1,088
67 år 1,030
68 år 0,974
69 år 0,917
70 år 0,862

Samordna pensjon

Vi ser framleis på pensjonen til ein person som er fødd i 1949. Denne gongen ser vi alderspensjonen i Statens pensjonskasse (SPK) og folketrygda samla. Då skal pensjonane samordnast slik at det blir klart kor stor del Statens pensjonskasse skal betale.

  Tek ut folketrygd og teneste­pensjon som 67-åring Tek ut folketrygd og teneste­pensjon som 68-åring
Levealders­justert brutto­pensjon fra SPK (500 000x0,66) /­ 1,030 = 320 388 kroner (500 000x0,66) / 1,000 = 330 000 kroner
- Levealders­justert samordnings­frådrag folketrygda 199 873 / 1,030 = 194 051 kroner 199 873 /­ 0,974 = 205 208
= Netto pensjon frå SPK 320 388 - 194 051 = 126 337 kroner 330 000 - 205 208 = 124 792 kroner
+ Levealders­justert folketrygd 219 677 /­ 1,030 = 213 279 kroner 219 677 /­ 0,974 = 225 541 kroner
= samla levealders­justert pensjon 126 337 + 213 279 = 339 616 kroner 124 792 + 225 541 = 350 333 kroner

I begge desse eksempla oppnår personen 66 prosent av pensjonsgrunnlaget før levealdersjustering. Vi ser samtidig at dersom personen tek ut pensjon som 68-åring, blir den samla, levealdersjusterte pensjonen høgare enn ved 67 år. Ved å arbeide eitt år til i staden for å ta ut pensjonen som 67-åring, er altså effekten av levealdersjusteringa motverka. Dette har med forholdstala å gjere:

  • Bruttopensjonen i SPK ved 68 år blir uendra fordi forholdstalet er 1 (forholdstalet i offentleg tenestepensjon blir aldri lågare enn 1).
  • Alderspensjonen frå folketrygda blir høgare som 68-åring fordi forholdstalet er mindre enn 1 (0,974).

Samordningsfrådraga blir levealdersjusterte med det faktiske forholdstalet på uttakstidspunktet for tenestepensjonen. I eksempla våre blir samordningsfrådraget høgare ved 68 år enn ved 67 år, men den samla pensjonen blir likevel høgare når personen er 68 år. Eksempla føreset at du tek ut pensjon frå oss og folketrygda samtidig.

Samordningsfrådraget blir berekna med utgangspunkt i alderspensjonen frå folketrygda.

Fastsetjing av forholdstal

NAV utarbeider prognosar for forholdstal. Endeleg forholdstal for uttaksaldrar frå 62 år til 75 år blir fastsette innan 1. juli det året eit årskull fyller 61 år. Forholdstal er like for kvinner og menn og forskjellige yrkesgrupper.

1943 er vald som utgangspunkt. Dersom ein person i dette årskullet tok ut alderpensjon ved fylte 67 år, var forholdstalet 1. Eit forholdstal som er høgare enn ein, vil gi lågare årleg pensjon enn den ville ha blitt utan dei nye fleksible uttaksreglane. Eit forholdstal som er lågare enn ein, gir høgare pensjon.

Eksempla over viser at forholdstalet for 1949-kullet er berekna til 1,030 dersom pensjonen blir teken ut ved fylte 67 år. I praksis inneber det at ein person frå dette kullet må jobbe fram til 67 år og 7 månader for å kunne ta ut den same pensjonen som ein person i 1943-kullet.

Årskull 67 år i Sammenlignbar pensjonsalder
1943 2010 67 år
1944 2011 67 år 1 månad
1945 2012 67 år 2 månader
1946 2013 67 år 4 månader
1947 2014 67 år 5 månader
1948 2015 67 år 6 månader
1949 2016 67 år 7 månader
1950 2017 67 år 8 månader
1951 2018 67 år 9 månader
1952 2019 67 år 11 månader
1953 2020 68 år