Ord og uttrykk

Opptening / opptjening / tenestetid / tjenestetid

Den tida du har vore medlem i Statens pensjonskasse og andre offentlege tenestepensjonsordningar blir kalla oppteningstid eller tenestetid.

Oppteningstida eller tenestetida vil normalt vere den tida du har jobba i ei statleg stilling og har betalt pensjonsinnskot. Permisjonar i samsvar med med permisjonsavtalen gir deg også oppteningstid. Full oppteningstid er for dei fleste 30 år. Etter gjevne reglar kan full oppteningstid vere opptil 40 år ved oppsett pensjonOppsett pensjon / oppsatt pensjonViss du byter jobb til ein arbeidsgivar som ikkje har tenestepensjon i SPK, er du ikkje lenger medlem hos oss. Som tidlegare medlem kan du ha tent opp pensjonsrettar til ein framtidig pensjon. Desse kallar vi ein oppsett pensjon.Mer om Oppsett pensjon / oppsatt pensjon til tidlegare medlemmar.

Du må ha vore tilsett i ei stilling i minst ein månad for at perioden skal vere pensjonsgivande, og du kan få opptening uavhengig om du har jobba heiltid eller deltid.

Dersom du jobbar etter fylte 67 år vil også denne oppteningstida vere pensjonsgivande.

Frå 2020 gjeld nye reglar for dei som er fødd i 1963 eller seinare, som frå då sparer til alderspensjon i ein pensjonsbehaldning.

Kva har oppteningstida å seie for pensjonen?

Oppteningstida er eit viktig element i berekninga av desse ytingane: 

  • Alderspensjon for medlem fødd i 1962 eller tidlegare
  • AFP for medlem fødd i 1962 eller tidlegare
  • Alderspensjon opptent før 2020 for medlem fødd i 1963 eller seinare
  • Uførepensjon
  • Etterlatnepensjon

Desse ytingane vert berekna etter kvar enkelt si oppteningstid i Statens pensjonskasse. Vi reduserer pensjonen dersom denne tida er kortare enn full oppteningstid. Dersom full oppteningstid er 30 år, reduserer vi pensjonen med 1/30 for kvart år du manglar på 30 år. Det vil seie at dersom du har vore medlem i 20 år, vil du få 20/30 av full pensjon. 

Samla oppteningstid blir alltid runda av til heile år. Dersom oppteningstida for eksempel er 25 år, 5 månader og 29 dagar, blir oppteningstida runda ned til 25 år. Dersom oppteningstida er 25 år og 6 månader, blir oppteningstida runda opp til 26 år.

For tidlegare medlem kan full oppteningstid være opptil 40 år. 

Særskilt om oppteningstid ved uførepensjon

Ved uførepensjon får du også medrekna den oppteningstida du kunne ha oppnått om du hadde vore frisk og kunne halde fram i stillinga fram til du fyller 67 år. Dersom du kunne ha oppnått 30 år ved å fortsetje i stillinga fram til du fyller 67 år, får du medrekna full pensjonsgivande oppteningstid.

Dersom du har lågare aldersgrense vil du få medrekna oppteningstid fram til aldersgrensa.

Dersom du har vore medlem tidlegare, blir uførepensjonen berekna ut frå faktisk oppteningstid i Statens pensjonskasse.

Uførepensjonar som starta før 1.1.2015

Uførepensjonar som starta før 1.1.2015 fekk medrekna oppteningstida du kunne ha oppnått om du hadde vore frisk og kunne halde fram i stillinga fram til aldersgrensa. Dersom du kunne ha oppnått 30 år ved å fortsetje i stillinga fram til aldersgrensa, fekk du medrekna full pensjonsgivande oppteningstid. Dette gjeld så lenge du får uførepensjon etter overgangsreglane for uførepensjon. Dersom uførepensjonen skal bli berekna etter nye reglar for uførepensjon, vil du få medrekna oppteningstid fram til aldersgrensa eller seinast til fylte 67 år.

Oppteningstid ved yrkesskade

Dersom du er ufør på grunn av yrkesskade, vil du få full pensjonsgivande oppteningstid ved uførepensjonen. Når du seinare får alderspensjon vil likevel oppteningstida bli sett til faktisk oppteningstid pluss den oppteningstida du ville fått dersom du hadde halde fram i stillinga til aldersgrensa, eller seinast til fylte 67 år.

Særskilt om oppteningstid ved etterlatnepensjon

Dersom avdøde framleis var i jobb, vil vi ta med oppteningstida fram til aldersgrensa for stillinga, men likevel ikkje lenger enn til fylte 67 år, når vi bereknar etterlatnepensjonen.

Dersom avdøde var AFP-pensjonist mellom 62 og 67 år, bruker vi faktisk oppteningstid når vi bereknar etterlatnepensjonen. Det same gjeld dersom avdøde var tidlegare medlem, eller hadde direkte overgang frå stilling til alderspensjon. Dersom avdøde hadde direkte overgang frå stilling til uførepensjon tar vi med oppteningstid fram til aldersgrensa, likvel ikkje lenger enn til 67 år.

Permisjonsavtalen

Ulike typar permisjonar kan medreknast i oppteningstida di i Statens pensjonskasse. Permisjonsavtalen gjeld for permisjonar frå 01.07.1982 og kan gi medrekning av oppteningstid i permisjonstida.

Nye reglar for dei fødd i 1963 eller seinare

Frå og med 2020 får desse opptening til alderspensjon, AFP, og betinget tenestepensjon etter nye reglar. Når pensjonen skal bereknast er ikkje oppteningstid ei del av reknestykket. Det er berre storleiken på pensjonsbehaldninga som dei har opptent som noko å si, ikkje kor lenge dei har jobba i offentlig sektor.