Levealders­justering

Pensjonen du har tent opp skal fordelast på den mengda år årskullet ditt blir forventa å leve. Dette blir kalla levealdersjustering. Så lenge levealderen aukar, må kvart årskull jobbe lenger enn det førre for å oppnå same pensjon.
  • Alle som er født i 1943 eller seinare vil få alderspensjonen sin levealdersjustert. Dette gjeld både for folketrygda og offentleg tenestepensjon.
  • Offentleg AFP skal ikkje levealdersjusterast, dette skjer fyrst ved overgang til alderspensjon ved fylte 67 år.
  • Særalderspensjon skal ikkje levealdersjusterast før fylte 67 år.
  • Uførepensjon i folketrygda skal ikkje levealdersjusterast, den blir omstøytt til alderspensjon ved 67 år. Uførepensjon i offentleg tenestepensjon gjeld til aldersgrensa, eller seinast til fylte 67 år, og blir levealdersjustert etter dette.

Kvifor levealdersjustering?

Før pensjonsreforma var det ikkje teke høgde for at folk blir stadig eldre, og at fleire år med pensjon gir auka pensjonskostnader. Samtidig blir det stadig færre yngre arbeidstakarar som skal finansiere pensjonsordningane gjennom å betale skatt. Levealdersjusteringa er innført for å redusere denne kostnadsauken og for å stimulere arbeidstakarar til å stå lenger i arbeid.

Bereknar forventa levealder

Innan juli det året eit årskull fyller 61 år, reknar Statistisk sentralbyrå ut kullet sin forventa levealder. Dette er likt for kvinner og menn og for alle yrkesgrupper. Lever du lenger enn dette, får du framleis utbetalt alderspensjon. Levealdersjusteringa påverkar storleiken på den årlege pensjonsutbetalinga, ikkje kor lenge du får utbetalt pensjon.

Levealdersjustering i folketrygda

Pensjonen blir levealdersjustert ved å dele den på eit forholdstal Forholds­tal Mer om Forholds­tal  eller eit delingstal Delingstal Mer om Delingstal . Det er oppteningsmodellen som gjeld for årskullet ditt, som avgjer kven av desse tala som skal nyttast. Dersom du tener alderspensjonen i folketrygda etter alleårsregelen Alleårs­regelen Grunnprinsippet er at alderspensjonen frå folketrygda skal tenast gjennom heile det yrkesaktive livet ditt. Den blir berekna frå fyrste krone du tener frå du er 17 år til du blir 75 år. Mer om Alleårs­regelen , tener du opp ei pensjonsbehaldning. Då skal alderspensjonen din reknast ut (levealdersjustert) ved hjelp av eit delingstall.

Eksempel – ein person fødd i 1963

  • Går av med pensjon som 67-åring
  • Pensjonsbehaldning: 4 000 000 kroner
  • Vurdert delingstal: 15,91
  • Årleg alderspensjon etter levealdersjustering = 4 000 000 / 15,91 = 251 414 kroner

Hvis du tener opp alderspensjonen i folketrygda etter besteårsregelen Besteårs­regelen Besteårsregelen er den gamle oppteningsmodellen i folketrygda, der pensjonen blir berekna ut frå dei 20 åra du har hatt høgast løn. Besteårsregelen skal gradvis fasast ut, men gjeld framleis for nokre årskull. Mer om Besteårs­regelen , får du berekna ein årleg basispensjon Basis­pensjon Basispensjon dannar grunnlaget for berekning av alderspensjonen frå folketrygda. Mer om Basis­pensjon . Denne blir levealdersjustert ved at den blir delt på eit såkalla forholdstal.

Eksempel – ein person fødd i 1953

  • Går av med pensjon som 67-åring
  • Årleg basispensjon: 219 677 kroner
  • Vurdert forholdstal: 1,055
  • Årleg alderspensjon etter levealdersjustering = 219 677 / 1,055 = 208 224 kroner

Delingstal og forholdstal har altså same oppgåve – å berekne pensjonen etter levealdersjustering. Tala er ulike fordi dei er knytte til forskjellige oppteningsmodellar.

Oversikt over forholdstal

Levealdersjustering i offentleg tenestepensjon

Når den offentlege tenestepensjonen skal levealdersjusterast, blir pensjonen delt på eit forholdstal. Dette er etter same prinsipp som besteårsregelen i folketrygda. Som medlem i Statens pensjonskasse får du 66 prosent av pensjonsgrunnlaget dersom du har full opptening, som er 30 år. Deretter skal pensjonen levealdersjusterast. Det betyr at pensjonen kan bli lågare enn 66 prosent av pensjonsgrunnlaget.

Eksempel – ein person fødd i 1953

  • Tek ut tenestepensjon som 67-åring
  • Pensjonsgrunnlag: 500 000 kroner
  • Brutto pensjon (66 prosent av pensjonsgrunnlag)* = 330 000 kroner
  • Forholdstal: 1,055
  • Alderspensjon frå Statens pensjonskasse etter levealdersjustering* = 312 796 kroner

* Før  samordning Samordning Pensjonen frå Statens pensjonskasse og andre offentlege tenestepensjonsordningar skal samordnast med ytingar frå folketrygda. Samordningslova regulerer fordelinga av utbetalinga av pensjon frå folketrygda og offentlege tenestepensjonsordningar. Mer om Samordning med alderspensjonen frå folketrygda.                                                                

Individuell garanti

Levealdersjusteringa gjer at pensjonen kan bli mindre enn 66 prosent av sluttlønna sjølv om ein har full opptening. Det er derfor vedteke at medlemer av offentlege tenestepensjonsordningar som er fødde i 1958 eller tidlegare, og som i 2011 har 15 år eller mindre igjen til dei fyller 67 år, skal få ein  Individuell garanti Individuell garanti Medlemer av offentlege tenestepensjonsordningar, som er fødde i 1958 eller før, er sikra at dei får 66 prosent av pensjonsgrunnlaget når dei fyller 67 år. For å få 66 prosent av pensjonsgrunnlaget, må du ha full oppteningstid, 30 år. Mer om Individuell garanti .