Delingstal

Både alderspensjon i folketrygda og alderspensjon i Statens pensjonskasse skal levealdersjusterast. Det betyr at pensjonen din skal fordelast på den mengda år årskullet ditt blir forventa å leve. Dersom du tjener opp alderspensjonen i folketrygda etter ny modell, blir det gjort ved å dele pensjonsbehaldninga di på eit såkalla delingstal.

Kven gjeld delingstal for?

Delingstalet gjeld berre for berekning av pensjon frå folketrygda. Delingstalet gjeld alle som tener opp pensjon etter nye reglar, den såkalla alleårsregelen Alleårs­regelen Grunnprinsippet er at alderspensjonen frå folketrygda skal tenast gjennom heile det yrkesaktive livet ditt. Den blir berekna frå fyrste krone du tener frå du er 17 år til du blir 75 år. Mer om Alleårs­regelen  .

  • Dersom du er fødd i 1963 eller seinare, vil du tene opp all alderspensjon i folketrygda etter alleårsregelen.
  • Dersom du er fødd i åra 1954 til 1962, vil du tene opp alderspensjon i folketrygda delvis etter den gamle  besteårsregelen Besteårs­regelen Besteårsregelen er den gamle oppteningsmodellen i folketrygda, der pensjonen blir berekna ut frå dei 20 åra du har hatt høgast lønn. Besteårsregelen skal gradvis fasast ut, men gjeld framleis for nokre årskull. Mer om Besteårs­regelen og delvis etter den nye alleårsregelen.
  • Delingstal gjeld ikkje for deg som er født i 1953 eller tidlegare. Det skuldast at du framleis vil tene opp pensjon i folketrygda etter besteårsregelen.

Bereknar forventa levealder

NAV har utarbeidt prognosar for alle årskull frå 1954 - 2000. Statistisk sentralbyrå reknar ut endelege delingstal for uttaksaldrar mellom 62 år og 75 år innan 1. juli i det året eit årskull fyller 61 år. Dette er likt for kvinner og menn og alle yrkesgrupper.

Delingstalet er fastsett nøytralt. Det betyr at den totale pensjonen du kan rekne med å få utbetalt gjennom livsløpet ikkje vil bli påverka av tidspunktet du vel å ta ut pensjonen din.

Eit eksempel

Delingstalet fortel kor mange år ein person i årskullet kan forvente å leve etter å ha gått av med pensjon. Er du fødd i 1963, er det vurdert at du kan få følgjande delingstal:

62 år 63 år 64 år 65 år 66 år 67 år
20,06 19,25 18,44 17,63 16,83 16,02

Dersom du har ei pensjonsbehaldning på 4 millionar kroner når du fyller 62, får du utbetalt ein årleg pensjon på 199 402 kroner (4 000 000 / 20,06).