Individuell garanti

Medlemer av offentlege tenestepensjonsordningar, som er fødde i 1958 eller før, er sikra at dei får 66 prosent av pensjonsgrunnlaget når dei fyller 67 år. For å få 66 prosent av pensjonsgrunnlaget, må du ha full oppteningstid, 30 år.

Levealdersjusteringen Levealders­justering Pensjonen du har tent opp din skal fordelast på den mengda år årskullet ditt blir forventa å leve. Dette blir kalla levealdersjustering. Så lenge levealderen aukar, må kvart årskull jobbe lenger enn det førre for å oppnå same pensjon. Mer om Levealders­justering  gjer at mange vil få lågare pensjon enn tidlegare. Dess yngre ein person er, desto lengre tid er det til å påverke den endelege pensjonen. For å sikre dei som har kortast tid til pensjonering, har årskulla til og med 1958 ein individuell garanti. Denne garantien inneber at dei får utbetalt minst 66 prosent av pensjonsgrunnlaget Pensjons­grunnlag Pensjonsgrunnlaget er den arbeidsinntekta det er trekt pensjonsinnskot av og som pensjonen skal bli berekna ut frå. Mer om Pensjons­grunnlag  sitt, også om pensjonen blir mindre enn dette når den blir berekna etter dei nye reglane.

Vilkåra for å få utbetalt minst 66 prosent av pensjonsgrunnlaget i samla alderspensjon frå Statens pensjonskasse og folketrygda:

  • Du må ha full oppteningstid, 30 år, for å få 66 prosent av pensjonsgrunnlaget. Har du ikkje full oppteningstid, blir garantien avkorta.
  • Du må ta ut pensjon frå folketrygda og Statens pensjonskasse frå same tidspunkt. Garantien blir berekna som om du har tatt ut pensjon frå Statens pensjonskasse og folketrygda frå same tidspunkt - tidlegast frå 67 år. Viss du til dømes tek ut alderspensjon frå folketrygda før 67 år, slik at pensjonen blir lågare på grunn av levealdersjusteringa, kompenserer ikkje Statens pensjonskasse for dette.

Slik fungerer garantien

Figur som illustrerer den individuelle garantien.

Person i 1953-kullet som tek ut pensjon ved fylte 67 år. Pensjonsgrunnlaget er 583 048 kroner. Personen har 40 år i folketrygda og full opptening i Statens pensjonskasse.

Tidlegare samordningsreglar ville ha gitt 69,1 prosent av pensjonsgrunnlaget. Figuren viser at pensjonen til ein person som er fødd i 1953, vil kome under 66 prosent av pensjonsgrunnlaget når pensjonen blir levealdersjustert. Den individuelle garantien gjer likevel at pensjonen blir løfta opp til 66 prosent av pensjonsgrunnlaget.

Det er viktig å vere merksam på at garantien gjeld dersom ein tek ut folketrygd og offentleg tenestepensjon samtidig ved 67 år. Dersom folketrygda blir teken ut tidlegare, kompenserer ikkje tenestepensjonsordninga for dette.