Offentleg tenestepensjon frå Statens pensjonskasse

Statens pensjonskasse er ei tenestepensjonsordning for tilsette i staten og skuleverket. I tillegg er mange innan forskningssektoren, forskjellige forvaltningsverksemder og fleire andre verksemder, for det meste innan offentleg sektor, tilknytte oss.

Pensjon frå Statens pensjonskasse er eit viktig bidrag til økonomien di den dagen du slutter å arbeide, eller viss noko uventa skjer. Medlemskapen hos oss inkluderer:

Vilkår for medlemskap

  • Medlemskapen er kollektiv. Det tyder at du både har rett og plikt til å verte medlem viss du er tilsett i ei stilling der du arbeider minimum 20 prosent av full stilling.
  • Det er òg eit vilkår for medlemskap at du er medlem i folketrygda, alternativt at du betaler inn ei særskilt avgift til Statens pensjonskasse.

Som medlem i Statens pensjonskasse betaler du 2 prosent av løna di til oss, som ein del av premien. Arbeidsgjevaren din betaler gjerne 5-6 gonger dette beløpet som premie for din medlemskap.

Offentleg tenestepensjon er ikkje lik for alle årskull

Alle offentleg tenestepensjonar er ytingsordningar fordi alle medlemma er sikra ei fast yting uavhengig av finansielle svingingar. Dei fleste private pensjonsordningar er til samanlikning innskotsordningar der ytinga kan variera ut frå storleik på innbetalingar, renteutvikling og andre finansielle forhold. 

Berekninga av ein offentlig tenestepensjon er anten basert på ein prosent av sluttlønn eller er basert på opptening i ein pensjonsbehaldning.

Tenestepensjon basert på sluttlønn

Mange offentlege tenestepensjonar er basert på sluttlønn og antall år du har jobba. Det tyder at nivået på pensjonen din er avtalt på førehand. Medlemar i Statens pensjonskasse som er fødd før 1959 er garantert ein alderspensjon på 66 prosent av pensjonsgrunnlaget før levealdersjusteringLevealdersjusteringPensjonen du har tent opp skal fordelast på den mengda år årskullet ditt blir forventa å leve. Dette blir kalla levealdersjustering. Så lenge levealderen aukar, må kvart årskull jobbe lenger enn det førre for å oppnå same pensjon.Mer om Levealdersjustering – livet ut. Føresetnaden er at du har full opptening og har arbeidd i full stilling. Du får opptening til din pensjon for lønn opp til 12 G (ca. 1.34 millioner kr).

Garantien på 66 prosent av pensjonsgrunnlaget gjeld totalt utbetalt pensjon frå folketrygda og Statens pensjonskasse når du tek ut pensjonane til same tid. For å vite kor stor del av pensjonen som skal betalast av Statens pensjonskasse, må vi vite kor stor pensjon du får frå folketrygda.

Desse tenestepensjonane er berekna ut i frå sluttlønn: 

  • AFP for deg som er fødd i 1962 eller før
  • alderspensjon for deg som er fødd i 1962 eller før
  • alderspensjon opptent før 2020 for deg som er fødd i 1963 eller etter
  • særalderspensjon for alle årskull
  • etterlatnepensjon for alle årskull
  • uførepensjon for alle årskull

Tenestepensjon frå behaldning

For deg fødd i 1963 eller etter gjeld nye reglar for nokre ytingar. Frå 1.1.2020 sparar du til desse ytingane i fleire pensjonsbehaldningar hos oss. Behaldningane veks kvar månad du jobber og etterskotsvis basert på inntekta di. 

Desse tenestepensjonane bereknast ut frå behaldningar: 

  • alderspensjon opptent frå og med 2020
  • livsvarig AFP
  • betinga tenestepensjon, for deg som ikkje har rett på AFP

Kva er full opptening?

Dette gjeld for pensjonar som er basert på sluttlønn: Du har full oppteningOpptening / opptjening / tenestetid / tjenestetidDen tida du har vore medlem i Statens pensjonskasse og andre offentlege tenestepensjonsordningar blir kalla oppteningstid eller tenestetid.Mer om Opptening / opptjening / tenestetid / tjenestetid viss:

  • Du har vore medlem i 30 år, har jobba i full stilling og framleis jobbar i ei stilling som gjev medlemskap i Statens pensjonskasse når du tek ut pensjon.
  • Du har vore medlem i opptil 40 år, har jobba i full stilling og jobbar no i ei stilling som ikkje gjev medlemskap i Statens pensjonskasse når du tek ut pensjon. Som regel tyder det at du har gått frå offentleg til privat sektor.

Dette gjeld for pensjonar som bereknast ut i frå behaldningar: 

  • Oppteningstiden har mindre å seie når vi skal berekne behaldningsbaserte ytingar. Då er det storleiken på pensjonsbehaldningane som tel, og ikkje kor mange år du har brukt på å tene dei opp.

Pensjonsrettar frå første arbeidsdag

Det er inga nedre tidsgrense for kor lenge du må ha vore tilsett for å verte medlem. Du opparbeider pensjonsrettar hos oss sjølv om du berre er mellombels tilsett i eit vikariat eller engasjement. Føresetnaden er at du har eit tilsettingsforhold som er over minstegrensa for medlemskap. Det tyder til dømes at du frå første dag vil kunne ha rett til uførepensjon frå oss. Ved dødsfall har òg dine etterlatne rett til pensjon etter nærare bestemte reglar.

Tidlegare medlemer

Viss du sluttar i offentleg verksemd, går du frå å vere eit aktivt medlem til å vere tidlegare medlem. Då kan du framleis ha rett til ein framtidig pensjon frå oss, men du kan miste retten til offentleg AFP. 

Dette gjeld for tenestepensjoner basert på sluttlønn: 

  • Du må ha ei samla oppteningstid på minst tre år for å ha rett til framtidig pensjon
  • Full opptening aukar frå 30 til 40 år

Dette gjeld for tenestepensjon berekna ut i frå behaldning:

  • Du må ha ei samla oppteningstid på minst eit år for å ha rett til framtidig pensjon

Viss du sluttar i stillinga som gjev rett til medlemskap og går over til ei anna stilling i kommunal eller fylkeskommunal sektor, gjeld ein egen avtale om overføring av pensjonsrettar innan offentleg sektor. Då vil du behalde retten til offentleg tenestepensjon sjølv om du vert tidlegare medlem hos oss.