Ord og uttrykk

Samordning

Pensjonen frå Statens pensjonskasse og andre offentlege tenestepensjonsordningar blir samordna med ytingar frå folketrygda. Samordningslova regulerer korleis pensjonen frå folketrygda og dei offentlege tenestepensjonsordningane skal fordelast.

Samordningsfrådrag

Samordning skjer ved at ytingane frå folketrygda blir utbetalte i sin heilskap, medan tenestepensjonen blir redusert. Reduksjonen – frådraget – blir berekna med utgangspunkt i det du får utbetalt frå folketrygda. Når vi bereknar samordningsfrådraget, legg vi til grunn at folketrygda er teken ut samtidig med tenestepensjonen frå Statens pensjonskasse.

Dersom pensjonen frå folketrygda er teken ut før tenestepensjonen, kan det føre til at vi reduserer tenestepensjonen din med meir enn du får utbetalt frå folketrygda.

Ikkje alle blir samordna

Medlemmer fødde i 1962 og tidlegare får ein alderspensjon som blir samordna med ytingar frå folketrygda. Medlemmer fødde i 1963 og seinare får òg samordna alderspensjonen dei har tent opp før 2020. Alderspensjon tent opp etter 2020 blir ikkje samordna med ytingar frå folketrygda for medlemmer fødde i 1963 eller seinare.

Samordning med grunnpensjon

I utgangspunktet reduserer vi tenestepensjonen din med ein sum på inntil 75 prosent av grunnbeløpetGrunnbeløp (G)Grunnbeløpet i folketrygda, som vi ofte kallar G, blir justert ein gong i året og er 130 160 kroner per 01.05.2025.Mer om Grunnbeløp (G) i folketrygda (1 G). Ver merksam på at levealdersjusteringLevealdersjusteringPensjonen du har tent opp skal fordelast på gjennomsnittlig forventa levealder for ditt årskull. Dette blir kalla levealdersjustering. Kvart årskull må jobbe lenger for å få same pensjon som dei som er eldre enn seg.Mer om Levealdersjustering kan føre til at vi trekkjer litt meir enn dette òg.

Dersom du ikkje har full opptening, har jobba deltid eller tek ut delvis pensjon, reduserer vi frådraget for grunnpensjonenGrunnpensjonStorleiken på grunnpensjonen frå folketrygda er avhengig av sivilstand og kor lenge du har vore medlem i folketrygda.Mer om Grunnpensjon forholdsmessig etter desse tre faktorane.

Samordning med tilleggspensjon og eventuelle andre tillegg

Vi reduserer i tillegg tenestepensjonen din med tilleggspensjonen og eventuelle andre tillegg som:

  • særtillegg
  • pensjonstillegg
  • minstenivåtillegg

Dersom du har hatt inntekt som ikkje har vore pensjonsgjevande i tenestepensjonsordninga, gjer vi ikkje frådrag for dette. Vi bereknar ein tilleggspensjon ut frå pensjonsgrunnlaget ditt hos oss. Denne tilleggspensjonen bruker vi i samordninga dersom det gir deg eit lågare frådrag enn tilleggspensjonen frå folketrygda.

Frådrag for tilleggspensjon og pensjonstillegg blir påverka av levealdersjusteringLevealdersjusteringPensjonen du har tent opp skal fordelast på gjennomsnittlig forventa levealder for ditt årskull. Dette blir kalla levealdersjustering. Kvart årskull må jobbe lenger for å få same pensjon som dei som er eldre enn seg.Mer om Levealdersjustering. Særtillegg og minstenivåtillegg er skjerma frå dette.

Dersom du ikkje har full opptening eller tek ut delvis pensjon, reduserer vi frådraga for tilleggspensjonenTilleggspensjonStorleiken på tilleggspensjonen frå folketrygda er avhengig av tidlegare arbeidsinntekt (pensjonsgivande inntekt) og talet på år med arbeidsinntekt.Mer om Tilleggspensjon og særtillegget / pensjonstillegget / minstenivåtillegget forholdsmessig etter desse faktorane.

Samordning med avtalefesta pensjon (AFP) i privat sektor

Er du fødd i 1962 eller tidlegare og får AFP i privat sektor, bereknar vi samordningsfrådrag for AFP i tenestepensjonen frå du fyller 67 år. Frådraget er på inntil 15 prosent av den avtalefesta pensjonen, og frådraget blir levealdersjustert. Vi reduserer frådraget forholdsmessig dersom du ikkje har full opptening eller tek ut delvis pensjon.

Samordning med folketrygdbehaldning

Er du fødd i 1954 eller seinare, får du ein del av alderspensjonen frå folketrygda berekna ut frå pensjonsbehaldninga di i folketrygda. Ein like stor del av tenestepensjonen din skal då samordnast med pensjonsbehaldninga, i staden for med grunn- og tilleggspensjon.

Vi bereknar samordningsbehaldninga og reduserer tenestepensjonen din med 98 prosent av samordningsbehaldninga, etter levealdersjustering. Dersom du ikkje har full opptening eller tek ut delvis pensjon, reduserer vi frådraget for samordningsbehaldninga forholdsmessig etter desse faktorane.

Deretter reknar vi eit tillegg til pensjonen din. Tillegget blir rekna for den same delen av tenestepensjonen som blir samordna med pensjonsbehaldninga i folketrygda.

Fullt tillegg til samordningsbehaldningtillegg er 2,5 GGrunnbeløp (G)Grunnbeløpet i folketrygda, som vi ofte kallar G, blir justert ein gong i året og er 130 160 kroner per 01.05.2025.Mer om Grunnbeløp (G) per år. Det blir levealdersjustert og redusert dersom du ikkje har full opptening eller tek ut delvis pensjon.

Andre pensjons- og trygdeytingar

Vi skal òg samordne med enkelte andre pensjons- og trygdeytingar, til dømes krigspensjon, yrkesskadetrygd og pensjon frå Maritim pensjonskasse.

Samordningslova omfattar:

  • tenestepensjonsordningar
  • personskadetrygd
  • ytingar frå folketrygda
  • avtalefesta pensjon (AFP) frå offentleg eller privat sektor