Sjå kor mykje du har tent opp i pensjon i 2022
Straks får du ei oversikt over pensjonsoppteninga for førre år. Årsoppgåva går ut til 150 000 medlemmer som er fødde i 1963 eller seinare og som er i aktiv jobb.
Årsoppgåva kjem i innboksen
Årsoppgåva er ei oversikt over kor mykje pensjonsbehaldningaPensjonsbehaldningOffentleg tenestepensjon vert frå 2020 tent opp i det som kallast ei pensjonsbehaldning. Alle år du jobbar hos ein arbeidsgivar med offentleg tenestepensjon, gir opptening i behaldninga.Mer om Pensjonsbehaldning di har auka i 2022, basert på årslønna som er registrert hos oss. Du får årsoppgåva på e-postadressa som er registrert i Difis kontakt- og reservasjonsregister.
Pensjonsbehaldninga er det arbeidsgivaren din setter av i tenestepensjon til deg. Pensjonsoppteninga di hos oss aukar kvart år:
- Kvar månad setjast det av 5,7 prosent av pensjonsgivande inntekt opp til 791 486 kroner (7,1 G) i pensjonsbehaldninga di hos oss. GGrunnbeløp (G)Grunnbeløpet i folketrygda, som vi ofte kallar G, blir justert ein gong i året og er 124 028 kroner per 01.05.2024.Mer om Grunnbeløp (G) står for grunnbeløpet i folketrygda.
- Dersom du har pensjonsgivande inntekt mellom 791 486 kroner og 1 337 724 kroner (12 G), setjast det også av 23,8 prosent av inntekt over 7,1 G.
- Inntekt over 12 G gir ikkje opptening til behaldninga.
I tillegg blir pensjonsbehaldninga justert opp kvart år med auken i folketrygda sitt grunnbeløp fram til du tar ut pensjon.
Feil i opplysningane dine kan påverke pensjonen
Det er viktig at du sjekkar at opplysningane som vi har registrert om lønn og stillingsprosent er riktige. Dersom du ser feil i historikken, tar du kontakt med arbeidsgivar slik at dei kan sende oss riktig dokumentasjon.
Prøv pensjonskalkulatoren for å berekne kva du får i pensjon og sjå korleis pensjonen endrar seg etter når du har planlagt å pensjonere deg.