Pensjonsbehaldning / pensjonsbeholdning

Offentleg tenestepensjon vert frå 2020 tent opp i ei behaldning som kallast pensjonsbehaldning.

Pensjonsbehaldning i offentleg tenestepensjon

Etter innføringa av nytt pensjonsregelverk frå 2020 kallar vi pensjonsbehaldninga i offentleg tenestepensjon (til dømes i Statens pensjonskasse) pensjonsbeholdning. Den gjeld deg som er fødd i 1963 eller seinare. Reglane for korleis du tener opp pensjon i pensjonsbehaldninga di kallast påslagspensjonPåslagspensjonNy offentleg tenestepensjon er ein påslagspensjon. Ordninga gjeld dei som er fødd i 1963 eller seinare og som tener opp pensjon frå 2020. Påslagspensjon samordnes ikkje, men kommer i tillegg til folketrygda. Derav nemninga påslagspensjon.Mer om Påslagspensjon.

Les meir om korleis du tener opp til alderspensjon i pensjonsbehaldninga di.

Pensjonsbehaldning i folketrygda
Ei behaldning der retten til inntektspensjon vert spara etter folketrygdlova § 20-4. Pensjonsbehaldningen vert beregna ut frå inntekt, omsorgsarbeid, fyrstegongsteneste, dagpengar eller uføretrygd.

Kvart år øker pensjonsbeholdninga i folketrygden med 18,1 prosent av pensjonsgivande inntekt. Samla årleg opptening kan ikkje overstige 18,1 prosent av 7,1 gonger folketrygdas grunnbeløp.

Pensjonsbehaldning i folketrygda kan i tillegg bestå av garantipensjonsbehaldning etter folketrygdloven § 20 – 11 og  garantitileggsbehalding etter folketrygdlovens § 20-20.

Det er summen av desse behaldningane som utgjer folketrygdbehaldninga  i folketrygda.

Les meir om pensjonsbehaldning i folketrygden på nav.no.