Berekning og storleik av AFP

Kva du får utbetalt i AFP er basert på oppteninga di. Det kan vere forskjellig på utbetaling før og etter fylte 65 år. Les meir om berekning av AFP under.

Berekning av AFP

Vår berekninga av AFP er avhengig av forskjellige faktorar som:

AFP før og etter fylte 65 år

Nav står for berekning og administrasjon av AFP-ordninga for SPK-medlemmer mellom 62 og 65 år.

Mellom 65 og 67 år er det SPK som bereknar og administrerer AFP. Dei fleste AFP-pensjonistar får utbetalt AFP etter utrekninga som gir høgast utbetaling av Navs og SPKs. Vår berekning av heil AFP, ved full opptening, utgjer 66 prosent av pensjonsgrunnlaget ditt. Du som er fødd i 1962 eller før får vanlegvis pensjonen berekna etter lønna du har når du ønsker å slutte i jobb. Høgare lønn tidlegare i karrieren, kan bli rekna med i pensjonsgrunnlaget ditt.

For å få AFP-berekninga til SPK frå fylte 65 år, må du ha vore medlem av SPK eller andre offentlege tenestepensjonsordningar i minst 10 år etter at du fylte 50.

Når du blir 67 år, blir AFP automatisk rekna om til ein «vanleg» alderspensjon frå tenestepensjonsordninga. Hugs at du må søke om å ta ut alderspensjon frå folketrygda når du blir 67. Det skjer ikkje automatisk.

Har du tatt ut AFP før du fyller 65 år, treng du ikkje søke oss om AFP på nytt når du fyller 65. Overføring av utbetaling frå Nav til SPK går automatisk. Du treng ikkje gjere noko.

Eksempel på SPK-berekning av heil AFP

  • Tar ut AFP som 65-åring
  • Pensjonsgrunnlag: 600 000 kroner
  • Oppteningstid: 25 år
  • Gjennomsnittleg stillingsstorleik: 100 %
  • Ingen barn under 18 år
  • Årleg SPK-berekna AFP = 600 000 x 66 % x 25/30 = 330 000 kroner

Storleiken på din AFP

Storleiken på din AFP avheng av:

  • arbeidsinntekta du har hatt dei siste åra før uttak av AFP. Nav bereknar summen, og dei kallar denne «tidlegare estimert inntekt»
  • inntekta du fortsett å ha etter uttak av AFP. Inntekta skriv du på opplysingskjemaet til Nav, og du må sjølv passe på å melde endringar i inntekt løpande.

Forholdet mellom dei to inntektsbeløpa bestemmer AFP-graden din. Eksempel: Nav bereknar at din tidlegare estimerte arbeidsinntekt er 600 000 kroner. Du antar at du etter uttak av AFP fortsett å ha ei årsinntekt på 60 000 kroner. Du får då utbetalt (600 000 – 60 000) / 600 000 x 100 % = 90 % AFP-grad.

For at AFP-pensjonen din skal bli utbetalt etter så riktig grad som mogeleg, er det viktig at du kontinuerleg melder frå dersom inntekta din endrar seg.

Kven du skal orienterem avheng av kor gammal du er. Er du

  • 62-65 år: meld frå til Nav
  • 65-67 år: meld frå til SPK 

Etter ei endring vurderer vi om vi må berekne AFP-graden din på nytt.