Slik nyttar du oss i rekrutteringa

Pensjon er ein viktig del av løns- og tilsetjingsvilkåra, og Statens pensjonskasse har mange fordeler du kan bruke i rekrutteringa.

Under jobbintervju kan du framheve at pensjonsordninga ikkje berre handlar om tida som alderspensjonist – det handlar også om rettar her og no.Foto: iStock

Framhev fordelane i stillingsutlysinga

Ved stillingsutlysingar er det mogeleg å opplyse om medlemsfordelane på ein annan måte enn "blir trekt 2 prosent til Statens pensjonskasse" som mange bruker i dag.

Vi har laga to eksempeltekstar som viser medlemsfordelen på ein annan måte, og gir dei som søker litt betre forståing av kva dykk som arbeidsgivar tilbyr av pensjons- og forsikringsordningar:

Utlysing av stillingar i statlege verksemder:

Bokmål:

  • Du vil bli medlem i Statens pensjonskasse, som gir deg mange goder i tillegg til livsvarig alderspensjon og AFP: Du kan ha rett til økonomisk støtte hvis du blir syk eller ufør, familien din kan ha rett til økonomisk støtte når du dør, du blir forsikret mot yrkesskade eller yrkessykdom, og du får gode betingelser på boliglån. Les mer om ansattgodene dine på spk.no/medlemskap-i-spk

Nynorsk:

  • Du vil bli medlem i Statens pensjonskasse som gir deg mange gode i tillegg til livsvarig alderspensjon og AFP. Du kan ha rett til økonomisk støtte dersom du blir sjuk eller ufør, familien din kan ha rett til økonomisk støtte når du døyr, du blir forsikra mot yrkesskade eller yrkessjukdom, og du får gode vilkår på bustadlån. Les meir om tilsettgoda dine på spk.no/medlemskap-i-spk

Utlysing stilling som lærar eller pedagogisk personale:

Bokmål:

  • Som lærer blir du medlem i Statens pensjonskasse, som gir deg mange goder i tillegg til livsvarig alderspensjon og AFP: Du kan ha rett til økonomisk støtte hvis du blir syk eller ufør, dine nærmeste blir økonomisk sikret når du dør, og du får gode betingelser på boliglån. Les mer om ansattgodene i medlemskapet på spk.no/larer

Nynorsk:

  • Som lærar blir du medlem i Statens pensjonskasse, som gir deg mange gode i tillegg til livsvarig alderspensjon og AFP: Du kan ha rett til økonomisk støtte dersom du blir sjuk eller ufør, dine nærmaste blir sikra økonomisk når du døyr, og du får gode vilkår på bustadlån. Les meir om tilsettgoda i medlemskapen på spk.no/larer

Bruk pensjonsordninga under jobbintervjuet

Pensjon er noko som ikkje alle har eit forhold til. Under jobbintervju kan du framheve at pensjonsordninga ikkje berre handlar om tida som alderspensjonist – det handlar også om rettar her og no.

Vi tilrår å framheve fordelar som:

Her finner du en nedlastbar brosjyre om fordelene ved pensjonsavtalen i Statens pensjonskasse. 

Vis at pensjon er ein del av løn

Som medlem i Statens pensjonskasse betaler tilsette inn eit pensjonsinnskot på 2 prosent av løna. Mange er ikkje klare over at du som premiebetalande kunde betaler inn meir enn dette. Til dømes er det ofte slik at du som arbeidsgivar betaler inn fem-seks tusen kroner per tusen kroner den tilsette betaler inn.

Pensjon er utsett løn og er del av lønnskompensasjonen for den einskilde. Derfor er det fornuftig ikkje berre å diskutere lønnskrav i rekrutteringa, men også fordelane i tenestepensjonsordninga og at pensjon er eit skjult lønsgode. Som kunde i Statens pensjonskasse tilbyr du ein av dei beste pensjonsordningane i Noreg til dine tilsette.

Fordeler for søkjarar frå offentlege stillingar

I rekrutteringa av nokon som kjem frå ei anna offentleg stilling, kan du leggje vekt på overføringsavtalenOverføringsavtalenHar du vore medlem av fleire offentlege tenestepensjonsordningar, vil den norske overføringsavtalen sikre at dei ulike periodane blir slått saman.Mer om Overføringsavtalen, som sikrar at tida hos dei ulike ordningane blir slått saman. Alle offentlege tenestepensjonsordningar er med i denne avtalen.

Med andre ord slepp dei tilsette å tenkje på fripolisar frå ulike arbeidsforhold, slik det er i privat sektor.