Dette gjer du ved alders­pensjon

Dersom tilsette i verksemda di skal gå av med alderspensjon, må du levere ei pensjonsmelding seinast to månader før dei skal gå av.

For tilsette som har ei stilling med særaldersgrense, må du sende pensjonsmelding seinast to månader før ho eller han når aldersgrensen Alders­grense Aldersgrensa følgjer den stillinga du er tilsett i, og er det tidspunktet du må slutte i stillinga. Mer om Alders­grense . Hugs at du tidlegast kan sende pensjonsmelding fire månader før pensjoneringsdatoen.

Delvis alderspensjon

Dersom det blir endringar i den aktive stillinga for tilsette som har delvis alderspensjon, må du også melde dette inn til oss med ei pensjonsmelding. Endringane kan påverke storleiken på pensjonen til arbeidstakaren.

Pensjonistlønn

Du skal ikkje melde inn ekstratimar som blir lønte med satsane for pensjonistlønn Pensjonistlønn Alderspensjonistar kan bli engasjerte i staten eller skuleverket på pensjonistlønn. Då blir som hovudregel ikkje alderspensjonen hos oss redusert. Mer om Pensjonistlønn .