Aldersgrense
Aldersgrensa følgjer den stillinga du er tilsett i og er det tidspunktet du ikkje har krav på å fortsette i stillinga. Dei fleste stillingar har ei aldersgrense på 72 år.
Du kan søke arbeidsgivar om å stå i stilling lenger enn aldersgrensa, men du kan ikkje kreve det.
Du må ikkje forveksle aldersgrense med pensjonsalderPensjonsalderPensjonsalder er alderen du kan gå av med alderspensjon. Kva som gjeld for deg, kjem an på når du er fødd og om du har særaldersgrense.Mer om Pensjonsalder, som fortel når du kan gå av med pensjon.
Lågare aldersgrense - særaldersgrense
Nokre stillingar har lågare aldersgrense enn 72 år. Dette kallar vi ei særaldersgrense. Særaldersgrenser finn vi som oftast i yrke der det blir stilt særlege fysiske og psykiske krav. Les meir om særaldersgrenseSæraldersgrenseNokre stillingar har lågare aldersgrense enn 72 år. Det kallar vi særaldersgrense. Mer om Særaldersgrense.
Dersom du går frå ei stilling med vanleg aldersgrense til ei stilling med lågare aldersgrense, så er hovudregelen at du må ha den låge aldersgrensa samanhengande i tre år for å ha rett til pensjon frå denne aldersgrensa.