Etteroppgjer for uførepensjon og AFP for 2022
Vi startar etteroppgjera for AFP og uførepensjon 20. april, og behandlar oppgjer gjennom heile året. Somme får dermed etteroppgjer på våren, mens mange får det utover hausten.
No starter vi opp med etteroppgjera for uførepensjon og AFP for inntektsåret 2022. Fordi skatteoppgjera kjem tidlegare på året enn før, blir det óg mogleg for oss å berekne etteroppgjer gjennom heile året.
Ikkje alle som mottek AFP eller uførepensjon får etteroppgjer, men dei som gjer det får brev frå oss.
Etteroppgjer for uførepensjon
Når du arbeider samtidig som du mottek uførepensjon, bereknar vi pensjonen din etter forventa inntekt. Inntektsgrensa di blei fastsett då du fekk innvilga pensjon.
Når skatteoppgjeret ditt er klart, sjekkar vi om du har fått rett uførepensjon ut frå inntekta di i 2022. Har du fått utbetalt for mykje eller for lite pensjon, får du eit etteroppgjer. Då får du brev frå oss.
Du får ikkje beskjed dersom det ikkje er noko inntektsendringar som påvirker pensjonen, og du fikk riktig uførepensjon i fjor.
Les meir om etteroppgjer for uførepensjon
Etteroppgjer for AFP
Vi utbetalar AFP etter den forventa inntekta di. Kvart år, når skatteoppgjeret er klart, sjekkar vi om du har fått rett pensjon ut frå inntekta du har oppgitt.
Dersom vi ser at den faktiske inntekta di i 2022 avvik med meir enn 15 000 kroner frå inntekta som pensjonen din er berekna ut frå, vil vi berekne pensjonen din på nytt. Det inneber at du anten får etterbetalt dersom du har fått for lite eller at du må betale tilbake dersom du har fått for mykje pensjon.
Alle som har hatt inntekt samtidig som AFP i 2022 får anten brev eller e-post frå oss.
Les meir om etteroppgjer for AFP
NAV gjennomfører eigne etteroppgjer
NAV gjennomfører etteroppgjera for uføretrygd frå folketrygda. Det skjer seinare på året.
NAV gjennomfører også etteroppgjer for AFP for deg som er mellom 62 og 64 år. Dette skjer etter sommaren.