Etteroppgjer for AFP

Kvart år når skatteoppgjeret er klart, sjekker vi om du har fått riktig pensjon ut frå den inntekta du har oppgitt. Dersom du har fått for mykje eller for lite i pensjon, får du et etteroppgjer.

  • NAV reknar ut etteroppgjeret når du er mellom 62 og 64 år
  • Frå året du fyller 65 år er det Statens pensjonskasse som reknar ut etteroppgjeret.

I etteroppgjeret samanliknar vi inntektsopplysningane frå skattemyndighetene, med inntekta som var lagt til grunn for utbetaling av AFP for dette året.

Dersom det viser seg at den faktiske inntekta di – etter at du gikk av med pensjon – avvik med meir enn 15 000 kroner frå inntekta pensjonen er basert på, bereknar vi pensjonen din på nytt for året. Då får du enten etterbetalt pensjon frå oss, eller må tilbakebetale dersom du har fått for mykje utbetalt pensjon.

Dei fleste unngår å måtta ettersenda dokumentasjon

Frå og med 2020 får vi detaljerte skatteopplysningar direkte frå Skatteetaten. Derfor vil du ikkje få brev frå oss dersom utrekninga viser at det ikkje vil bli noka endring i pensjonen din. Det gjer alt enklare for deg – og for oss.

Dei fleste unngår derfor å måtta ettersenda dokumentasjon til oss. I enkelte tilfelle vil du likevel måtta senda oss dokumentasjon. Dette kan spesielt gjelda for personar med næringsinntekt.

Hugs at det berre er inntekt som er tent opp samstundes med AFP som skal vere med i etteroppgjeret.

Sjå sjekklista vår over ting som kan endra etteroppgjeret og som det er fornuftig å senda oss informasjon om. Sidan mange spør så nemner vi til dømes at feriepengar tent opp samtidig med pensjon skal inngå i etteroppgjeret.

Pensjonsgivande inntekt som inngår i skatteoppgjeret, skal også inngå i etteroppgjeret. Dette gjeld blant anna:

  • arbeidsinntekt frå privat og offentleg verksemd
  • styrehonorar
  • honorar fra ulike tillitsverv
  • feriepengar som er opptent frå arbeid du har utført etter at du tok ut heil eller delvis AFP første gong.

Med pensjonsgivande inntekt meiner vi pensjonsgivande inntekt i folketrygda, eller inntekt av same type frå utlandet.

Du kan sende dokumentasjonen via vårt sikre kontaktskjema på "mine sider".

NB! Ikkje send inn lønnslipp som dokumentasjon. Me treng berre ein stadfesting frå arbeidsgivar eller den som har utbetalt inntekta. Stadfestinga må innehalda punktane under:

  • Inntekt før skatt
  • Inntekten er opptent i periode: (frå og med dato => til og med dato)
  • Tidspunkt for utbetaling: (månad og år)

Viss det dreier seg om ei spesiell inntekt som skal haldast utanfor etteroppgjeret, som arbeid relatert til flyktningar frå Ukraina eller enkelte typar erstatningsoppgjer, må dette også komma tydeleg fram.

Inntekt som ikkje påverkar pensjonen din

Inntekt du har tent opp før du tok ut AFP, og inntekt opptent etter at du fylte 67 år, påverkar ikkje AFP. Slik inntekt skal dermed haldast utanom etteroppgjeret.

Dette gjeld:

  • inntekt du hadde før du tok ut AFP første gong
  • feriepengar som stammar frå arbeid utført før AFP starta
  • inntekt opptent etter at du fylte 67 år.

I dei fleste høve vil inntektsopplysingane vi har innhenta vise kva som skal haldast utanom.

Innbetaling av krav

Viser etteroppgjeret at du har fått utbetalt for mykje pensjon, vil vi som hovudregel trekke i framtidige utbetalingar i AFP og/eller alderspensjon frå folketrygda. 

Du kan auke trekket eller innbetale heile beløpet på ein gong

Dersom du ønsker å betale heile kravet på ein gong, eller ønsker at vi trekk eit høgare månadsbeløp, ta kontakt med oss via vårt sikre kontakskjema på "mine sider".