Ord og uttrykk

Skatt på pensjon

Alderspensjon, AFP og andre pensjonsytelser er skattepliktig inntekt. Skatt på alminneleg inntekt er sett til 22 % for pensjonistar i 2024.

Statens pensjonskasse reknar ikkje ut eller krev inn skatt.

Det er Skatteetaten som fastset kor mykje skatt du skal betale, og dei sender skattekortet ditt automatisk til Nav. Det er Nav som utbetaler pensjonen, også den frå Statens pensjonskasse. Les meir om skattetrekk på utbetalingar frå Nav

Skatten du faktisk betaler på pensjon, blir påverka av fleire forhold – som gjeld, bustadkommune, andre inntekter og personlege frådrag.

Nokre vanlege satsar for pensjonistar i 2024:

  • Skatt på alminneleg inntekt: 22 prosent
    (18,5 % for personar som bur i tiltakssona i Troms og Finnmark)
  • Trygdeavgift på pensjonsinntekt: 5,1 %
  • Minstefrådrag for pensjonsinntekt: 40 %, maks 86 250 kr

For meir informasjon, sjå Skatteetaten sine nettsider: Skattereglar for pensjonistar