Særalderspåslag
Særalderspåslag er eit livsvarig tillegg til alderspensjonen for personar med særaldersgrense (aldersgrense lågare enn 70 år). Gjeld for dei som er fødde i 1963 eller seinare.
Tilsette med særaldersgrense som vel å gå av ved særaldersgrensa, har kortare tid til å tene opp pensjon i tenestepensjonsordninga. Særalderspåslaget skal kompensere for manglande pensjonsopptening for dei som må eller vel å slutte tidleg.
Du må ha jobba minst 20 prosent i ei stilling med særaldersgrense i 10 av dei 15 siste åra før særaldersgrensa, eller før du pensjonerer deg. Dersom du mottek tidlegpensjon får du særalderspåslag sjølv om du ikkje fyller dette vilkåret.
Særalderspåslaget kan ikkje kombinerast med tidlegpensjon. Det vert utbetalt etter overgang til alderspensjon. Dersom du vel å ikkje ta ut tidlegpensjon, kan du starte uttak av påslaget mellom 62 år og 65 år.
Særalderspåslaget utgjer ein prosentdel av pensjonsgrunnlaget i stillinga med særaldersgrense.
Storleiken på prosentdelen er knytt til aldersgrensa.
- 65 år: 5,8 prosent av pensjonsgrunnlaget i stillinga med særaldersgrense
- 63 år: 6,5 prosent av pensjonsgrunnlaget i stillinga med særaldersgrense
- 60 år: 7,7 prosent av pensjonsgrunnlaget i stillinga med særaldersgrense
Dersom du har inntekt samtidig med særalderspåslaget, vert det redusert. Det gjeld også om du ikke har tidlegpensjon og tek ut særalderspåslag etter at du vert 65 år.