Ord og uttrykk

Samordningsoppgjer

Denne informasjonen gjeld berre deg som er fødd 1963 eller etter, og som har teke ut alderspensjon opptent før 2020 før du fyller 67 år: Eit samordningsoppgjer er den årlege justeringa av pensjonen din. I oppgjeret samanliknar vi det du skulle hatt i pensjon med det du faktisk har fått utbetalt gjennom året.

Alderspensjonen du har tent opp før 2020 i SPK eller andre offentlege pensjonsordningar skal samordnast med alderspensjon frå folketrygda (Nav).

Kvifor gjer vi eit samordningsoppgjer?

Samordningslova krev at vi reknar ut samordninga etter den oppteninga du ville hatt i Nav når du fyller 67 år. Når du tek ut alderspensjon før 67 år, får vi melding frå Nav om kor stor pensjonsbehaldning du har opptent der. Men den behaldninga er ikkje den same som behaldninga du ville hatt når du fyller 67 år. Det manglar opptening for eitt til fem år, avhengig av om du er 62, 63, 64, 65 eller 66 år når du tek ut alderspensjonen frå SPK.

For dei åra som manglar opp til 67 år, seier samordningslova at vi skal leggje til opptening i pensjonsbehaldninga i Nav som om du har ei inntekt på 5 G kvart år. Sjekk kva folketrygda sitt grunnbeløpGrunnbeløp (G)Grunnbeløpet i folketrygda, som vi ofte kallar G, er 136 549 kroner per 01.05.2026. Beløpet blir justert ein gong i året.Mer om Grunnbeløp (G) (G) er i dag. Då får vi ei mellombels pensjonsbehaldning ved 67 år.

Så reknar vi samordningsfrådrag i alderspensjonen frå SPK for den mellombelse pensjonsbehaldninga i Nav.

Sidan dei færraste tener akkurat 5 G i året, må den mellombelse pensjonsbehaldninga justerast fram til du fyller 67 år. I november/desember kvart år får vi ny behaldning frå Nav, der den faktiske pensjonsoppteninga du hadde året før er lagd til. Vi gjer då eit samordningsoppgjer.

Kva gjer vi i samordningsoppgjeret?

I samordningsoppgjeret tek vi den nye behaldninga frå Nav og legg til opptening som om du har ei inntekt på 5 G kvart år som er igjen til du fyller 67 år. Då får vi ei ny mellombels pensjonsbehaldning ved 67 år.

I den nye mellombelse pensjonsbehaldninga har altså eitt år med fiktiv opptening for inntekt på 5 G blitt bytt ut med oppteninga du faktisk hadde i Nav dette året.

Så reknar vi samordningsfrådrag i alderspensjonen frå SPK for den nye mellombelse pensjonsbehaldninga i Nav. Vi reknar om frådraga frå vi starta å utbetale pensjonen.

Efterbetaling eller tilbakebetaling

Resultatet av samordningsoppgjeret kan vere at det ikkje skjer noko med pensjonsutbetalinga frå SPK, eller at utbetalinga endrar seg fordi du har fått for mykje eller for lite:

  • Du får etterbetalt pensjon viss du har tent mindre enn det fastsette inntektsgrunnlaget på 5 G.
  • Du må betale tilbake pensjon viss du har tent meir enn det fastsette inntektsgrunnlaget på 5 G.

Eit samordningsoppgjer betyr ikkje at vi har rekna feil då du søkte om pensjon, men er ein innebygd del av regelverket for samordning av alderspensjon opptent før 2020.

Kva skjer når eg blir 67 år?

Vi får ny behaldning frå Nav som gjeld frå den 1. i månaden etter at du fyller 67 år. We reknar samordningsfrådrag i alderspensjonen frå SPK for den nye behaldninga, men reknar ikkje om alderspensjonen tilbake i tid. Den nye utbetalinga frå SPK gjeld frå og med månaden etter at du fyller 67 år.

Efter at du har fylt 67 år, vil vi fortsetja å få ny behaldning frå Nav i november/desember i to år til. Vi vil rekne om samordningsfrådraga i alderspensjonen frå SPK for den nye behaldninga, og du vil kunne få ny utbetaling frå SPK. Den nye utbetalinga gjeld i så fall frå 1. januar året etter.

Les meir om samordning av alderspensjon opptjent før 2020