Folketrygdbehaldning / folketrygdbeholdning
Ein prosentdel av den årlege inntekta din blir lagd inn i pensjonsbehaldninga di i folketrygda, om du er fødd i 1963 eller etter. Alle inntektsåra til du er 75 år avgjer kor stor pensjonen frå folketrygda blir.
Slik blir pensjonsbehaldninga di i folketrygda rekna ut: 18,1 prosent av den pensjonsgjevande inntekta di, opp til 7,1 gonger det gjennomsnittlege grunnbeløpet i folketrygda (GGrunnbeløp (G)Grunnbeløpet i folketrygda, som vi ofte kallar G, blir justert ein gong i året og er 130 160 kroner per 01.05.2025.Mer om Grunnbeløp (G)), blir lagd til pensjonsbehaldninga di kvart år.
Pensjonsbehaldninga er grunnlaget for pensjonen du får frå folketrygda. Det er òg denne behaldninga SPK tek utgangspunkt i når vi skal rekne ut samordningsbehaldninga.
Fødd i 1954–1962
Er du fødd frå 1954 til og med 1962, er det ei gradvis innfasing av dei nye reglane. Jo yngre du er innanfor desse årstala, desto større del av pensjonen blir rekna etter nye reglar. Er du fødd i 1954, får du 9/10 av pensjonen din etter gamle reglar og 1/10 etter nye. Er du fødd i 1955, får du 8/10 etter gamle reglar, 2/10 etter nye – og så vidare.
Les meir om alderspensjon og folketrygda hos Nav: https://www.nav.no/alderspensjon