Aldersgrense
Aldersgrensa følgjer den stillinga du er tilsett i og er det tidspunktet du må slutte i stillinga.
Dei fleste stillingar har ei aldersgrense på 70 år. Du må ikkje forveksle aldergrense med pensjonsalderPensjonsalderPensjonsalder er det tidspunktet du tidlegast kan gå av med alderspensjon.Mer om Pensjonsalder, som fortel når du kan gå av med pensjon.
Du kan søke arbeidsgivar om å stå i stilling lenger enn aldersgrensa, men du kan ikkje kreve det.
Frå 1. januar 2026 blir aldersgrensa i staten heva frå 70 til 72 år
Lågare aldersgrense - særaldersgrense
Nokre stillingar har lågare aldersgrense enn 70 år, vi seier at dei har særaldersgrense. Særaldersgrenser finn vi som oftast i yrke der det blir stilt særlege fysiske og psykiske krav. Les meir om særaldersgrenseSæraldersgrenseNokre stillingar har lågare aldersgrense enn 70 år. Det kallar vi særaldersgrense. Mer om Særaldersgrense.
Dersom du går frå ei stilling med vanleg aldersgrense til ei stilling med lågare aldersgrense, så er hovudregelen at du må ha den låge aldersgrensa samanhengande i tre år for å ha rett til pensjon frå denne aldersgrensa.