Ord og uttrykk
Åttifem- / 85-årsregelen
Du som jobber i ei stilling med særaldersgrense kan som hovudregel ta ut alderspensjon frå Statens pensjonskasse inntil tre år før aldersgrensa dersom summen av alderen din og oppteningstida di er minst 85 år.
Medlemmer med aldersgrense 65 år kan dermed ta ut pensjon når han/ho har blitt 62 år dersom han/ho har minst 23 års oppteningstidOpptening / opptjening / tenestetid / tjenestetidDen tida du har vore medlem i Statens pensjonskasse og andre offentlege tenestepensjonsordningar blir kalla oppteningstid eller tenestetid.Mer om Opptening / opptjening / tenestetid / tjenestetid.
85-årsregelen blir fasa ut
85-årsregelen blir fasa ut for dei som har aldersgrense 60 og 63 år, og som kan gå av med tidlegpensjon mellom 2027 og 2032.
Aldersgrense 60 år
- Fødd 1969 eller før: 85-årsregelen gjeld.
- Fødd 1970 - 1972: 85-årsregelen blir fasa ut.
- Fødd 1973 eller etter: 85-årsregelen gjeld ikkje. Du kan gå av med tidlegpensjon frå aldersgrensa.
Aldersgrense 63 år
- Fødd 1966 eller før: 85-årsregelen gjeld.
- Fødd 1967- 1969: 85-årsregelen blir fasa ut.
- Fødd 1970 eller etter: 85-årsregelen gjeld ikkje, Du kan gå av med tidlegpensjon frå aldersgrensa.
Aldersgrense 65 år
- Fødd 1963 eller 1964: 85-årsregelen gjeld.
- Fødd 1965 eller etter: Har ikke rett til tidlegpensjon. 85-årsregelen er dermed ikkje aktuell.