Presse: Kontaktinformasjon og kva vi kan hjelpe deg med
Vi er Noregs største leverandør av offentleg tenestepensjon, med over ein million medlemmer. Over 1 300 verksemder er tilknytta oss, og kvar femte nordmann har ein rett i SPK. Vi hjelper deg gjerne når du har spørsmål om pensjon!

Spør pensjonsekspertane våre
Svein Rasmussen og Lars Martin Bjørnsrud Hopmoen er pensjonsekspertane våre. Dei stiller gjerne opp når du treng kommentarar, tips og pensjonsråd i saker til forbrukarar, fagforeiningsmedlemmer eller andre yrkesgrupper.
Kontakt pressevakta, så ordnar vi eit intervju eller ein bakgrunnssamtale med ein av ekspertane våre. Vi har også ekspertar på andre tema, som digitalisering, kunstig intelligens, statistikk og pensjonstrendar.
Svein Rasmussen
held til dagleg pensjonskurs for medlemmene våre over heile Noreg. På kursa gir han også rettleiing og råd om pensjon til kvar enkelt deltakar. Svein jobba tidlegare i fagavdelinga vår og kjenner pensjonsreglane ut og inn. Han er ein erfaren formidlar med mange års bakgrunn som lærar og skoleleiar.
Lars Martin Bjørnsrud Hopmoen
jobbar som rådgivar på kundesenteret vårt. Der støttar og rettleier han kundebehandlarane, som kvart år svarar på 150 000 spørsmål frå medlemmer og verksemder i offentleg sektor. Lars Martin har jobba i SPK i ti år, og han veit mykje om kva folk lurar på om pensjon.
- Last ned bilde av Svein Rasmussen (Foto: Ilja C. Hendel)
- Last ned bilde av Lars Martin Hopmoen (Foto: Ilja C. Hendel)
Pressekontakt
E-post: presse@spk.no
Telefon: 22 24 16 00
Vi betener pressetelefonen og e-posten i arbeidstida.
Nyttig for deg som er journalist
- Offentleg postjournal (e-innsyn)
- Pressebilete av leiinga
- Aktuelt frå Statens pensjonskasse. Siste nytt frå oss finn du i nyheitsarkivet.
- Pensjonsbloggen. Vi bloggar om spørsmål og aktuelle problemstillingar om pensjon.
- Nøkkeltal for Statens pensjonskasse
- Kompensasjonsordninga for veteranar i Forsvaret
Saker om enkeltpersonar
Vi kan kommentere enkeltsaker, men berre om vi blir fritekne frå teieplikta. Den eller dei som skal omtalast må gi oss fritak frå teieplikta ved å fylle ut eit fritaksskjema.
Journalistar får lenka til skjemaet frå pressevakta. Personen som skal omtalast må logge inn med BankID og fylle i namnet på den aktuelle journalisten og mediehuset.
Som journalist har du plikt til å sørge for at dei som gir samtykke forstår kva samtykket inneber, og korleis det skal brukast.
Fritak frå teieplikta blir sletta frå systema våre etter fem år.