Om Statens pensjonskasse

Vi administrerer tenestepensjon for ein million nordmenn og over 1 300 verksemder. Kvar månad sørgjer vi for at 320 000 pensjonister får utbetalt pensjon. Vi administrerer også forsikringsordningar og bustadordning på vegne av staten.

Statens pensjonskasse (SPK) er ei forvaltingsbedrift under Arbeids- og inkluderingsdepartementet. 

Vi administrerer også Pensjonsordningen for apotekvirksomhet, samt særskilte pensjonsordningar for blant anna Den Norske Opera & Ballett, stortingsrepresentantar og regjeringsmedlemmer, Sametinget og ledsagarar i utenrikstenesta.

Ordningane er ein viktig del av sparing til alderspensjon, ei forsikring ved uførleik og tryggleik for etterlatte ved dødsfall.

Samfunnsoppdraget vårt 

Vårt samfunnsoppdrag er nedfelt i Lov om Statens pensjonskasse. Oppgåvene våre blir definert i instruks og det årlege tildelingsbrevet frå  Arbeids- og inkluderingsdepartementet.

Vi mottek tildelingsbrevet i desember, etter at Stortinger har vedteke statsbudsjettet. Sjå Tildelingsbrev for SPK for 2024 (.pdf)

Vi skal

  • sikre rettigheter gjennom god forvaltning. 
    Det inneber at vi skal utbetale korrekt pensjon til rett tid, og fastsette og krevje inn rett premie til rett tid. 

  • ha tilgjengelege tjenester med god service 
    Det inneber at medlemmer og medlemsverksemder opplever å få korrekt og enkel informasjon og brukervennlige digitale tenester
  • vere effektive og skape meirverdi for samfunnet
    Det inneber blant anna auka digitalisering og automatisering, og at vi ska.  utnytte postensiale i deling av data. 

Nøkkeltal og statistikk 

SPK administrerer opptente pensjonsrettar for 647 milliardar kroner. I 2022 utbetalte vi 33,5 milliardar kroner i pensjonar.

Vi administerer også forsikringsordningar på vegner av staten. I 2022 utbetalte vi 388 millionar kroner i personskade- og gruppelivserstatning.

Medlemmer og pensjonistar kan søke om bustadlån på inntil 2 300 000 kroner med sikkerheit i eigen bustad. Ved utgangen av 2022 hadde 39 200 personer bustadlån i SPK

Nøkkeltal for Statens pensjonskasse 

Leiande på offentlig tenestepensjon

Vår verksemdidé er at SPK skal vere leiande på offentleg tenestepensjon. Vi leverer pensjon, forsikring og bustadlån effektivt til forventa kvalitet og avtalt tid, og har leiande kompetanse på offentleg tenestepensjon og digitalisering.

Strategi 2021 - 2025: Vi gjer pensjon enkelt 

Mange synest pensjon er vanskeleg. Brukarane forventar stadig meir av oss; meir innsikt, meir informasjon, meir sjølvbetening. Samtidig gjer pensjonsreforma ting meir kompliserte og aukar informasjonsbehovet.

SPK si hovudoppgåve er å gjere kvardagen enklare for medlemmer, medlemsverksemder og eigarane våre. Vår visjon og leiestjerne er derfor: vi gjer pensjon enkelt.

Gjennom innsikt i brukarane sine behov utviklar vi gode digitale løysingar og skapar heilhetlege brukaropplevingar, også i samarbeid med andre. Slik sikrar vi tryggleik for brukarane og god verdi for myndigheiter og samfunn.

Våre strategiske mål 

  • Levere gode brukaropplevingar 
  • Vere effektiv og skape meirverdi for samfunnet
  • Ha leiande kompetanse på offentleg tenestepensjon og digitalisering 

Våre verdiar

  • Brukarorienterte: Vi kjenner brukarane sine behov og skaper gode og heilheitlege brukaropplevingar. 
  • Pålitelege: Vi er til å stole på og held det vi lovar. Vi er ein del av fellesskapet, er etterrettelege og effektive.
  • Framoverlente: Vi er engasjerte og spiller på lag med kollegaer, brukarane og samfunnet. Vi søker gode, framtidsretta løysingar. 

Organisasjonsnummer

Vårt organisasjonsnummer er 982 583 462. 
Leverandørar som sender faktura må alltid bruke dette nummeret. 

Sjå korleis vi er organiserte og kven som leiar Statens pensjonskasse. 

Les om årets aktivitetar og resultat. Her finn du også rapportar frå tidlegare år.