Nyheiter

No startar etteroppgjera for AFP og uførepensjon for 2025

Vi startar etteroppgjera for AFP i april og for uførepensjon i mai. Vi behandlar oppgjera fortløpande gjennom året. Somme får etteroppgjeret på våren, medan mange får det utover hausten.

No startar vi med etteroppgjer for inntektsåret 2025 for deg som har AFP og er fødd i 1962 eller før, eller som mottar uførepensjon. Det er berre dei som har inntekt ved sidan av som får etteroppgjer. Dersom det viser seg at du har fått utbetalt for mykje eller for lite pensjon, får du eit brev frå oss.

Når skjer etteroppgjeret?

Vi køyrer etteroppgjera i fleire omgangar etter kvart som vi får inntektsopplysningar frå Skatteetaten:

  • For AFP: Dei første etteroppgjera kjem torsdag 9. april. Oppgjera skjer deretter fortløpande utover våren og hausten.
  • For uførepensjon: Vi planlegg å starte etteroppgjera torsdag 7. mai. Oppgjera skjer deretter fortløpande utover våren og hausten.

Dei fleste som har pengar til gode, eller som ikkje får endring i pensjonen, får oppgjeret sitt kort tid etter at vi har fått oppdaterte inntektsopplysningar frå skatteoppgjeret. Saker som krev manuell behandling eller fører til krav om tilbakebetaling, kan ta noko lengre tid.

Merk: For uførepensjon blir det ikkje  sendt ut krav om tilbakebetaling i perioden mellom 11. juni og 13. august.

Kvifor får du etteroppgjer?

Når du jobbar samstundes som du får uførepensjon eller AFP, blir pensjonen din berekna ut frå kva inntekt du har forventa å ha.

Når skatteoppgjeret ditt er klart, sjekkar vi kva inntekt du faktisk hadde i 2025. Har du fått utbetalt for mykje eller for lite pensjon, gjer vi eit etteroppgjer. 

Nyttige sjekklistar og meir informasjon

Har du fått brev om etteroppgjer og lurer på kva du skal gjere? Vi har laga sjekklister som hjelper deg med å gå gjennom oppgjeret ditt:

Du kan lese meir om korleis etteroppgjer fungerer her:

Nav har eige etteroppgjer

Hugs at Nav gjennomfører eigne etteroppgjer for uføretrygd og AFP frå folketrygda. Dette skjer uavhengig av etteroppgjeret frå Statens pensjonskasse. Les meir om etteroppgjer på nav.no.