Mange lærarar veit ikkje kva dei får i pensjon
Fem tips om pensjon som burde vore pensum for lærarane, ifølgje pensjonsekspert Svein Rasmussen i Statens pensjonskasse.

Nyleg gjekk startskotet for eit nytt skuleår. Og medan elevane skal fordjupe seg i matte og historie, er pensjon det faget som lærarane sjølve gjerne skulle visst meir om.
Mange veit nemleg ikkje korleis pensjonsordninga deira fungerer, ifølge pensjonsekspert Svein Rasmussen i Statens pensjonskasse (SPK), som sjølv har jobba som lærar og skuleleiar.
– Vi held 350 pensjonskurs i året. Mange er i same situasjon som meg då eg var lærar: dei veit lite om pensjonen sin, seier han.
Du kan ta ut pensjon utan å gå av med pensjon
1,2 millionar nordmenn har pensjon gjennom SPK, blant dei lærarane.
Nytt regelverk for offentleg tenestepensjon og SPKs ordning, trådde i kraft 1. januar år. Dei nye pensjonsreglane gjeld for alle som er fødde i 1963 eller seinare.
Å ta ut pensjon er ikkje lenger synonymt med å slutte å jobbe, forklarer Rasmussen.
– No kan du ta ut pensjon og halde fram med å jobbe, anten som før eller redusert. Du sparer opp til pensjon så lenge du står i jobb, og beheld alle fordelane i pensjonsordninga, som uføre- og etterlatnepensjon.
Fem tips om pensjon til lærarane
Nær halvparten av alle lærarane i grunnskulen er under 40 år. Å ha oversikt, også tidleg i arbeidskarrieren, gir deg god tid til å planlegge og gjere smarte økonomiske prioriteringar gjennom livet, rår Rasmussen.
Følgande fem ting er fint å vite om pensjonsordninga di som lærer:
- Sjekk pensjonen din: Bruk pensjonskalkulatoren på spk.no og sjå kva du kan få i pensjon. Her kan du teste korleis tidspunktet for når du sluttar å jobbe påverkar pensjonen, og kva som skjer om du kombinerer jobb med pensjon.
- Jobb lenger, få meir pensjon: Kvart år du jobbar aukar pensjonsoppteninga di. Jo lenger du står i jobb, desto meir får du i pensjon, også når du jobbar deltid.
- Ekstra økonomisk støtte ved sjukdom: Blir du sjuk eller skadd og får lågare inntekt fordi du ikkje kan jobbe like mykje som før, kan du få uførepensjon frå SPK. Uførepensjonen gjeld både om du er heilt eller delvis ufør, og om uførleiken er midlertidig eller varig. Den kjem i tillegg til uføretrygda frå NAV.
- Tryggare familieøkonomi ved dødsfall: Om du døyr, får ektefelle og barn under 20 år etterlatnepensjon. Etterlatnepensjonen til ektefelle er livsvarig.
- Bustadlån med god rente: Som lærar og medlem i SPK kan du søke bustadlån med ei rente som i snitt ligg under marknadsrenta. Du kan låne til bustadkjøp, refinansiering, oppussing eller skifte- og arveoppgjer. Du kan også søke lån i SPK etter at du har blitt pensjonist.