Nyheiter

Fleire kan jobbe til dei er 72 år

Frå 1. januar 2026 blir aldersgrensa i staten heva frå 70 til 72 år. Det betyr at statstilsette ikkje treng å be arbeidsgivar om lov til å fortsette i arbeid når dei fyller 70.

Publisert 28.05.2025

Same aldersgrense i privat og offentleg sektor

Stortinget har vedtatt å heve aldersgrensa i staten frå 1. januar 2026. Då blir det i hovudsak ei felles øvre aldersgrense i arbeidslivet – 72 år – for tilsette i stat, kommune og privat næringsliv. 

Den nye aldersgrensa gjeld for alle som fyller 70 år 1. januar 2026 eller seinare. Verksemder som har tariffavtaler med lågare aldersgrense, vil få noko tid til å tilpasse seg den nye grensa. 

Unntak for somme yrkesgrupper

Det vil framleis vere unntak frå aldersgrensa for stillingar med særaldersgrense, der omsynet til helse og samfunnstryggleik gjer at aldersgrensa må vere lågare. 

Påverkar ikkje folks pensjon

Hevinga av aldersgrensa i staten er tilpassa slik at ingen skal få lågare pensjon som følge av endringa. Den nye aldersgrensa gir statstilsette som ønsker det, moglegheit til å jobbe lenger. 

Dei nye pensjonsreglane for offentleg tilsette som er fødde i 1963 eller etter, gjer det òg mogleg å jobbe så mykje ein vil, samstundes som ein tar ut pensjon. Offentlige tilsette i denne aldersgruppa tener, som før, opp til tenestepensjon fram til dei fyller 75 år.