Nyheiter

Ny livsvarig AFP i offentleg sektor

AFP (avtalefesta pensjon) i offentleg sektor får no eit heilt nytt regelverk som vi kallar livsvarig AFP. Livsvarig AFP gjeld for alle som er fødde 1963 eller seinare, og baserer seg på regelverket for AFP i privat sektor.

Publisert 12.04.2024

Stortinget sitt vedtak til lov om livsvarig AFP blei godkjent i Kongen i statsråd 12. april. Reglane for livsvarig AFP vil gjelde frå 2025, når dei som er fødde i 1963 fyller 62 år. 

Bortsett frå namnet, er nytt livsvarig AFP og AFP for deg som er født 1962 eller før to heilt ulike ordningar. Det er ulike reglar, ulike vilkår og ulik opptening. 

Her kan du lese meir om AFP i offentleg sektor. 

Frå førtidspensjon til livsvarig tilleggspensjon 

«Gammal» AFP i offentleg sektor er ein førtidspensjon. Den vil framleis gjelde for deg som er født i 1962 eller før, uansett fødselsår. For at du skal få utbetalt heil eller delvis AFP krev denne ordninga at du sluttar heilt eller delvis å jobbe før fylte 67 år.  

Slik blir det ikkje for yngre årskull. Er du fødd i 1963 eller etter, blir AFP ein livsvarig tilleggspensjon som kan takast ut fleksibelt mellom 62 og 70 år. Du kan også jobbe og få AFP samtidig. 

Logg inn og bruk pensjonskalkulatoren vår for å sjå kva du kan få i AFP.  

Merk at fram til detaljane i forskriftene er på plass, har vi ikkje moglegheit til å opplyse nærmare om vilkåra for livsvarig AFP. Foreløpig er det heller ikkje mogeleg å få berekna prognosar frå kundesenteret vårt.  

Hovudforskjellar mellom livsvarig og «gammal» AFP 

Her ser du hovudforskjellane mellom livsvarig AFP for deg som er født 1963 eller etter og AFP for deg som er født 1962 eller før: 

Livsvarig AFP for deg som er født i 1963 eller etter   AFP for deg som er født i 1962 eller før
Ingen tidlegpensjonsordning. Du kan ta ut AFP og fortsette å jobbe.   Ei tidlegpensjonsordning. Du må slutte i jobb eller redusere stillingsstorleiken for å ha rett til AFP. Formålet er å dekke inntekt som fell bort på grunn av redusert stillingsstorleik. 
Frå du er 62 år kan du velje når du vil ta ut livsvarig AFP. Det er ikkje noko seinaste uttakstidspunkt.    Du må vere mellom 62 og 67 år for å ha rett til AFP. 
Du får utbetalt livsvarig AFP så lenge du lever.    Du har AFP til du er 67 år - da går du over på alderspensjon.
AFP er livsvarig og blir utbetalt i tillegg til alderspensjon.   AFP kan ikkje kombinerast med alderspensjon.
Livsvarig AFP er ei 100 prosent yting, ho kan ikkje takast ut gradert.    AFP for deg født i 1962 eller før er ein yting du kan ta ut gradert, men den attverande stillinga di må vere minst 60 prosent av full stilling ved første uttak. 
Du kan jobbe så mykje du vil utan at pensjonen blir redusert.    Tener du meir enn 15 000 kroner i året blir pensjonen redusert. 
Livsvarig AFP blir berekna av SPK.    Er du 62-65 år, bereknar NAV AFP-en din. Har du fylt 65 år, bereknar SPK AFP-en. 
Du kan stanse utbetalinga av livsvarig AFP, men da er det ikkje mogeleg å starte ho igjen seinare.    Når du tek ut heil eller delvis AFP første gong, vil du behalde rettane til AFP sjølv om du går tilbake i stillinga. Du treng ikkje søkje på nytt. 

Du må ha oppfylt ein del vilkår ved 62 år, uavhengig av når du tek ut livsvarig AFP. Oppfyller du ikkje desse vilkåra ved 62 år, vil du heller ikkje kunne få rett til AFP. Det er ikkje mogeleg å jobbe lenger for å oppfylle desse vilkåra. 

I tillegg må nokre vilkår vere oppfylt på uttakstidspunktet. Oppfyller du ikkje vilkåra frå tidspunktet du vil ta ut AFP, kan du fortsette å jobbe og vente med uttaket til du oppfyller dei. 

 

Vilkåra for rett til AFP er noko ulike mellom 62-65 år og mellom 65-67 år.  

APF-loven (og tariffavtalen) gjeld mellom 62-65 år, mens AFP etter 65 år blir regulert av lov om Statens pensjonskasse og tariffavtalane.

Oppfyller du ikkje vilkåra til livsvarig AFP, kan du få betinga tenestepensjon. Dette er ei heilt ny ordning som også er livsvarig.    Oppfyller du ikkje vilkåra, mister du retten til tidlegpensjon.