Nyheiter

No startar etteroppgjera for dei som fekk uførepensjon og AFP i 2023

Vi startar etteroppgjera for uførepensjon og AFP i april, og behandlar oppgjer gjennom heile året. Nokre får etteroppgjer på våren, mens mange får det utover hausten.

Publisert 18.04.2024
Tegning av kvinne som holder et brev

No startar vi med etteroppgjera for uførepensjon og AFP for inntektsåret 2023. Ikkje alle som mottek AFP eller uførepensjon får etteroppgjer, men dei som gjer det får brev frå oss.

Etteroppgjer for uførepensjon

Når du arbeider samtidig som du mottek uførepensjon, bereknar vi pensjonen din etter forventa inntekt.

Når skatteoppgjeret ditt er klart, sjekkar vi om du har fått rett uførepensjon ut frå inntekta di i 2023. Har du fått utbetalt for mykje eller for lite pensjon, får du eit etteroppgjer. Då får du brev frå oss.

Du får ikkje brev om du ikkje har inntektsendringar som påverkar pensjonen.

Forseinka lønnsoppgjer i 2022 kan påverke etteroppgjeret for uførepensjon

I 2022 vart lønnsoppgjeret forseinka. Dermed var det nokre som fekk etterbetalt lønnsauke først i 2023 – altså året etter. Det inneber at nokre kan få krav om å betale tilbake uførepensjon eller få lågare etterbetaling i etteroppgjeret.

Les meir om etteroppgjer for uførepensjon

Etteroppgjer for AFP

Vi utbetalar AFP etter den forventa inntekta di. Kvart år, når skatteoppgjeret er klart, sjekkar vi om du har fått rett pensjon ut frå inntekta du har oppgitt.

Dersom vi ser at den faktiske inntekta di i 2023 avvik med meir enn 15 000 kroner frå inntekta som pensjonen din er berekna ut frå, vil vi berekne pensjonen din på nytt. Det inneber at du anten får etterbetalt dersom du har fått for lite eller at du må betale tilbake dersom du har fått for mykje pensjon.

Alle som har hatt inntekt samtidig som AFP i 2023 får anten brev eller e-post frå oss.

Les meir om etteroppgjer for AFP

NAV har eigne etteroppgjer