Overføringsavtalen
Tilsette som skiftar jobb innanfor offentleg sektor får derfor med seg sine pensjonsrettar over i ny pensjonsordning. Med andre ord slepp dei å tenkje på fripolisar frå ulike arbeidsforhold, slik det er i privat sektor.
Det er oppretta eit Rådgjevande utval (RU) med sju representantar for avtalepartane. Oppgåva til utvalet er mellom anna å følgje drifta i overføringsavtalen og å vere eit høyringsorgan for Statens pensjonskasse, som administrerer overføringsavtalen.
Pensjonsordningar oppretta etter forsikringsvirksomhetsloven kapittel 4 om kommunale pensjonsordninger kan søke om opptak i overøringsavtalen. Send skriftleg søknad om opptak i overføringsavtalen til Statens pensjonskasse v/juridisk seksjon. Søknaden må innehalde ei utgreiing om oppstarten av og historien til pensjonsordninga. Legg ved vedtekter, forsikringsavtale, firmaattest for verksemda i Brønnøysundregistret, meldingar frå Finanstilsynet, rekneskap og siste årsmelding.