AFP og inntekt

I søknaden om AFP er det viktig at du gir oss beskjed om kor mykje du kjem til å tene i tillegg til pensjonen.

Dersom det viser seg at den reelle arbeidsinntekta di vil avvike med meir enn 15 000 kroner per år frå den sannsynlege inntekta du har oppgitt, må du gi oss skriftleg beskjed om det. Då reknar vi ut ein ny pensjonsgrad og justerer pensjonsutbetalinga.

Utrekning av pensjonsgrad

Beløpet på 15 000 kroner er eit toleransebeløp for eventuell ny utrekning av pensjonen, og ikkje eit fribeløp. Når den pensjonsgivande inntekta er større enn toleransebeløpet på 15 000 kroner, vert pensjonen redusert i forhold til ei utrekna pensjonsgrad. Den nye pensjonsgraden vert berekna ut frå pensjonsgivande inntekt, inkludert toleransebeløpet på 15 000 kroner.

Utrekning av pensjonsgraden skjer slik:

(Forventa framtidig inntekt / tidlegare inntekt*) x 100 = X
Vi stryk desimalane og rekner med heile prosent. Pensjonsgraden er lik 100 - X.

Redusert AFP vert fastsett ved at full AFP vert multiplisert med pensjonsgraden.

* Tidlegare inntekt vert fastsett av NAV då du tok ut AFP. Tidlegare inntekt vert rekna ut på grunnlag av dei tre beste av dei fem inntektsåra før året før pensjoneringsåret.

Døme 1

Per har teke ut AFP, men forventar å tene litt på småjobbar det komande året. Forventa framtidig inntekt er 75 000 kroner. Tidlegare inntekt er fastsett av NAV til 425 000 kroner. Pensjonsgraden til Per vert rekna ut slik: (75 000/425 000) x 100 = 17,64. 100 - 17 = 83. Pensjonsgraden til Per er 83.

Kva er inntekt?

All pensjonsgivande inntekt i folketrygda vil føre til avkorting av AFP. Dette inkluderer både lønns- og næringsinntekt, honorar og feriepengar som er tent opp ved sida av delvis AFP.

Inntekt som ikkje er pensjonsgivande i folketrygda, vil ikkje påverke AFP. Det er skattemyndigheitene som fastset kva som er pensjonsgivande og ikkje. Ønskjer du meir informasjon om pensjonsgivande inntekt i folketrygda, sjå folketrygdlova.

Den månadlege utbetalinga vert rekna som ei førebels utbetaling. Den endelege berekninga er fyrst klar etter at inntekta som du har meldt, er kontrollert mot likninga for året. Du må sjølv sjekke at du har meldt riktig forventa inntekt - og du må sjølv melde frå om endringar i inntekt til Statens pensjonskasse. 

Etteroppgjer

Kvart år når skattelikninga ligg føre, reknar vi ut eit etteroppgjer. NAV reknar ut etteroppgjeret når du er mellom 62 og 64 år. Frå året du fyller 65 år er det Statens pensjonskasse som reknar ut etteroppgjeret.

Viss det viser seg at din faktiske inntekt etter at du gjekk av med pensjon avviker med meir enn 15 000 kroner frå den inntekta pensjonen er rekna ut etter, fastset vi ein ny pensjonsgrad. Du får då anten etterbetalt pensjon, eller må betale tilbake dersom du har fått for mykje utbetalt.

Når vi skal rekne ut etteroppgjeret, får du eit brev der du vert beden om å dokumentere inntekta di. Under finn du ei oversikt over godkjent og ikkje godkjent dokumentasjon.

Feriepengar vert haldne utanfor etteroppgjeret dersom du kan dokumentere at dei vart tente opp før du tok ut AFP. Dette gjeld enten du tek ut heil eller delvis AFP. 

Dokumentasjon ved etteroppgjer:

Feriepengar som er tente opp frå arbeid før du tok ut AFP - gjeld heil og delvis AFP

Godkjent dokumentasjon

Kopi av lønsslipp frå arbeidsgivar som viser kva som faktisk er utbetalt av feriepengar, og når dei er tente opp 

Ikkje tilstrekkeleg dokumentasjon

  • Dokumentasjon av feriepengegrunnlag
  • Løns- og trekkoppgåve
  • Likningsutskrift 

Inntekt utanfor AFP-perioden

Godkjent dokumentasjon

Løns- og trekkoppgåve saman med kopi av lønsslipp som viser inntekt før og etter uttak av AFP 

Ikkje tilstrekkeleg dokumentasjon

  • Løns- og trekkoppgåve som ikkje viser inntekt
  • Berre lønsslipp

Døme 2

Per i døme 1 forventa ei framtidig inntekt på 75 000 kroner. Når likninga for året ligg føre, viser det seg likevel at inntekta vart litt høgare enn forventa. Inntekta vart på 88 000 kroner. Differansen mellom forventa inntekt og faktisk inntekt er på 13 000 kroner. Beløpet er innanfor toleransebeløpet på 15 000 kroner og vil ikkje føre til endring i pensjonen.

Døme 3

Per i døme 1 forventa ei framtidig inntekt på 75 000 kroner. Når likninga for året ligg føre, viser det seg likevel at inntekta vart litt høgare enn forventa, og Per har ikkje gjeve beskjed om endra framtidig inntekt. Inntekta vart på 105 000 kroner. Differansen mellom forventa inntekt og faktisk inntekt er over toleransebeløpet på 15 000 kroner. 

Per vil få eit brev med nærare forklaring på etteroppgjeret. Dersom deler av inntekta skal haldast utenfor etteroppgjøret, må Per dokumentere dette. Viss heile inntekta skal inngå i etteroppgjeret vil ny pensjonsgrad verte: (105 000/425 000) x 100 = 24,70. 100 - 24 = 76. Per sin pensjonsgrad er 76. Pensjonen vil verte endra i forhold til ny grad, og vi vil vurdere å krevje tilbake for mykje utbetalt pensjon.   

Gåvepensjon

I samband med uttak av AFP ønskjer ein del arbeidsgivarar å supplere med ein eigen gåvepensjon frå bedrifta. Denne gåvepensjonen skal meldast inn til skattemyndigheitene som pensjon og påverker ikkje vår utbetaling av AFP. Gåvepensjon påverker heller ikkje utbetaling av AFP frå folketrygda.