Ord og uttrykk
Toleransebeløp
Du kan ha inntekt ved siden av AFP, og du må oppgi kor mykje du rekner med å tene når du søker om AFP. Dersom det viser seg at den reelle arbeidsinntekta di vil avvike med meir enn toleransebeløpet frå den sannsynlege inntekta du har oppgitt, må du gi oss skriftleg beskjed om det. Då reknar vi ut ein ny pensjonsgrad og justerer pensjonsutbetalinga.
Frå og med 1. januar 2026 er toleransebeløpet / grensa 33 841 kroner (0,26 G). Toleransebeløp er ikkje det same som eit fribeløp. Det vil seie at hvis du tener til dømes 34 000 kroner meir enn forventa, så vil heile inntekta vere grunnlag for ny berekning av AFP-en din.