Ord og uttrykk

Tidlegpensjon / tidligpensjon

Tidlegpensjon er ei mellombels yting for deg som har særaldersgrense (aldersgrense lågare enn 70 år) og er fødd i 1963 eller seinare. Ytinga vart tidlegare kalla særalderspensjon.

Tidlegpensjon vert utbetalt frå særaldersgrensa og fram til det tidspunktet du har rett til vanleg alderspensjon.

Du må redusere stillinga di eller slutte heilt for å få utbetalt tidlegpensjon. Ho utgjer 66 prosent av pensjonsgrunnlaget i stillinga med særaldersgrense, dersom du har full opptening (30 år i 100 prosent stilling med særaldersgrense).

Tidlegpensjon skal erstatte inntektstapet for dei som må slutte å arbeide tidleg, og vert difor redusert mot inntekt.

Tidlegpensjon kan kombinerast med alderspensjon frå folketrygda (Nav), men ikkje med alderspensjon frå ei offentleg tenestepensjonsordning. Vel du å ta ut tidlegpensjon, mister du retten til livsvarig AFP.

Reglane for tidlegpensjon er ved utgangen av 2024 ikkje avklara. Denne teksten er basert på høyringsnotatet «Nye pensjonsreglar for tilsette i stilling med særaldersgrense, 20.06.2024» .