Ord og uttrykk

Stillingsstorleik / stillingsstørrelse

Kor mykje heiltid og deltid du har jobba i yrkeskarrieren din, avgjer storleiken på pensjonsgrunnlaget ditt når du går av med pensjon.

Gjennomsnittleg stillingsstorleik

Gjennomsnittleg stillingsstorleik blir berekna ut frå dei 30 beste åra med oppteningstid i Statens pensjonskasse. Faktoren vert brukt i utrekninga av pensjonsgrunnlaget for uførepensjon, etterlatnepensjon, særalderspensjon og alderspensjon (om du er fødd i 1962 eller tidlegare).

Dersom du har jobba deltid mens du har opparbeidt deg rett til tenestepensjon, blir pensjonen rekna ut frå den gjennomsnittlege stillingsstorleiken din.

Dersom du for eksempel har arbeidt i 100 prosent stilling i 15 år og i halv stilling i 15 år, blir stillingsstorleiken 75 prosent i gjennomsnitt. Då blir pensjonsgrunnlaget, og dermed pensjonen din, rekna ut frå denne prosenten.

Det er ikkje mogeleg å komprimere år. Du kan derfor ikkje leggje saman to år med 50 prosent til eitt år med 100 prosent.

Pensjonsgrunnlag = pensjonsgivande inntekt x gjennomsnittleg stillingsstorleik

Stillingsstorleik ved uførepensjon

Normalt blir uførepensjon berekna i forhold til den stillingsstorleiken du har på det tidspunkt du blir ufør. Har du hatt varierande stillingsstorleik, vil vi ta ei vurdering av kva for ein stillingsstorleik pensjonen skal bli berekna frå. Dersom du har auka stillingsstorleik, må du normalt ha hatt stillingsstorleiken i to år før sjukemelding for at pensjonsgrunnlaget skal bli berekna ut frå denne stillingsstorleiken.