Sikrings­bestemmelsen

Regelen skal sikre at du ikkje taper på å ta ut pensjonen etter reguleringsdato for pensjonar.

Sikringsbestemmelsen er ein avtale mellom partane i arbeidslivet. Avtalen skal sikre at det ikkje betyr noko - i forhold til hovudlønsoppgjeret - når på året du tek ut pensjon.

Det betyr at vi samanliknar løna før hovudlønsoppgjeret - som blir regulert med auken i lønsveksten - mot løn på pensjoneringstidspunktet. Du vil få berekna pensjonen ut frå det pensjonsgrunnlaget som er best.

Eksempel

Medlem søkjer pensjon frå 1. august. Løna ved overgang til pensjon er 500 300 kroner. Løna før hovudlønsoppgjeret 1. mai er 490 600 kroner. Auke i lønsvekst det aktuelle året er 3,67 prosent. Vi samanliknar:

a) 490 600 kroner x 3,67 % = 508 605 kroner

b) 500 300 kroner

Pensjonsgrunnlaget til medlemen er 508 605 kroner. Løna før hovudlønsoppgjeret, regulert med lønsvekst, er altså best.