Inntekt

Med inntekt meiner vi pensjonsgivande inntekt i folketrygda.

Det er skattestyresmaktene som fastset om inntekta er pensjonsgivande eller ikkje.

Pensjonsgivande inntekt vil hovudsakleg vere

  • arbeidsinntekt
  • næringsinntekt dersom skattestyresmaktene definerer det som skattbar inntekt 

Ønskjer du meir informasjon om pensjonsgivande inntekt i folketrygda, sjå folketrygdlova.

Ikkje all pensjonsgivande inntekt i folketrygda er pensjonsgivande inntekt i Statens pensjonskasse. Det vil seie at pensjonsgivande inntekt i folketrygda ikkje alltid medfører rettar i Statens pensjonskasse.