Etter­oppgjer for uføre­pensjon

Med innføring av nytt regelverk for uførepensjon frå 1.1.2015 skal vi etter lova gjennomføre eit etteroppgjer.

Dersom inntekta som blei brukt ved berekning av uførepensjon, avvik frå inntektsopplysingane frå skatteoppgjeret, vil det bli eit etteroppgjer.

Etteroppgjeret skal skje etter at likningsopplysingane for det aktuelle året ligg føre.

Dersom etteroppgjeret viser at du har fått for mykje utbetalt i uførepensjon, vil du få eit krav om å betale tilbake. Har du fått for lite utbetalt, får du etterbetalt uførepensjon. Oppgjeret er objektivt - det er altså inga vurdering av skuld.