Etteroppgjer for AFP

Kvart år når skattelikninga ligg føre, reknar vi ut eit etteroppgjer. Det betyr at vi kontrollerer om du har fått riktig utbetalt AFP det aktuelle året.

NAV reknar ut etteroppgjeret når du er mellom 62 og 64 år. Frå året du fyller 65 år er det Statens pensjonskasse som reknar ut etteroppgjeret.

Viss det viser seg at din faktiske inntekt etter at du gjekk av med pensjon avviker med meir enn 15 000 kroner frå den inntekta pensjonen er rekna ut etter, fastset vi ein ny pensjonsgrad. Du får då anten etterbetalt pensjon, eller må betale tilbake dersom du har fått for mykje utbetalt.