Ord og uttrykk
Avtalefesta pensjon (AFP)
For deg som er fødd i 1962 eller tidlegare er APF i offentleg sektor ei tariffesta førtidspensjonsordning som gir moglegheit til å gå av med heil eller delvis pensjon i tida mellom fylte 62 og 67 år.
AFP var opprinneleg ei ordning for å gje tilsette i slitsame yrke moglegheit til å gå av med pensjon tidleg. I 2011 vart AFP i privat sektor erstatta med ei livsvarig yting som óg er grunnlag for ny AFP i offentleg sektor.
For deg fødd i 1963 og seinare vil det bli ein heilt ny livsvarig AFP-yting. Det ligg enno ikkje føre noko endeleg lovforslag for ny offentleg AFP. Les meir om AFP (Avtalefestet pensjon).