Ord og uttrykk
Avtalefesta pensjon (AFP)
Offentleg AFP er ei tariffesta pensjonsordning for offentleg tilsette. Ordninga er vesentleg endra for dei som er fødd i 1963 eller etter. Den gamle ordninga består for dei som er fødd i 1962 eller før.
Fødd i 1962 eller før
For deg som er fødd i 1962 eller før er AFP i offentleg sektor ein førtidspensjon som gir moglegheit til å gå av med heil eller delvis pensjon imellom fylte 62 og 67 år.
Fødd i 1963 eller etter
For deg fødd i 1963 eller etter er AFP ein livsvarig utbetaling som du kan ta ut når du vil frå 62 år, så lenge du fyller vilkåra. Du kan også jobbe og ta ut AFP samtidig.