Ord og uttrykk

Alderspensjon

Alderspensjon er det du skal leva av når du blir gammal.

Fødd i 1963 eller seinare

Stortinget vedtok i 2019 ei ny ordning for offentleg tenestepensjon. Alle som er fødd i 1963 eller seinere, tener opp til ny offentleg tenestepensjon frå 2020. Du får opptening etter dei nye reglane frå 2020 og behalder samstundes oppteninga til alderspensjon frå den gamle ordninga.

Fødd i 1962 eller tidlegare

Dersom du er fødd i 1962 eller tidlegare har du pensjon etter dei gamle reglane. Her kjem alderspensjon frå Statens pensjonskasse i tillegg til alderspensjonen frå folketrygda. Dei fleste kan ta ut alderspensjon frå månaden etter fylte 67 år. For å få pensjon frå fylte 67 år, er det eit vilkår at du òg tar ut alderspensjon frå folketrygda. 

Endringa i reglane frå 2020 påverker ikkje medlemskapet i Statens pensjonskasse. Du tener framleis opp pensjon frå første krone om du arbeider i minst 20 prosent stilling.

Det er heller ingen endring i kor mykje – eller korleis – medlemsinnskotet på to prosent vert trekt.