Alderspensjon
Alderspensjon er det du skal leva av når du blir gammal.
Fødd i 1963 eller seinare
Stortinget vedtok i 2019 ei ny ordning for offentleg tenestepensjon, som kjem i tillegg til alderspensjonen frå Nav.
Alle som er fødd i 1963 eller seinere, tener opp til det vi kallar ny offentleg tenestepensjon. Du får pensjonsopptening etter nye reglar frå 2020 og beheld samstundes oppteninga di frå før 2020. AFP går frå å være ein tidlegpensjon til å bli ei livsvarig utbetaling.
Fødd i 1962 eller tidlegare
Dersom du er fødd i 1962 eller før, har du pensjon etter dei gamle reglane. Alderspensjonen frå Statens pensjonskasse i tillegg til alderspensjonen frå folketrygda. Dei fleste kan ta ut alderspensjon frå månaden etter fylte 67 år. For å få pensjon frå fylte 67 år, er det eit vilkår at du òg tar ut alderspensjon frå folketrygda.
Endringa i reglane frå 2020 påverker ikkje medlemskapet i Statens pensjonskasse.
Det er heller ingen endring i kor mykje – eller korleis – medlemsinnskotet på to prosent vert trekt.