Ord og uttrykk

Pensjonistlønn

Alderspensjonistar kan bli engasjerte i staten eller skuleverket på pensjonistlønn. Då blir som hovudregel ikkje alderspensjonen frå oss redusert.

Alderspensjonistar kan inngå avtale med arbeidsgivar om arbeid på pensjonistvilkår og med pensjonistlønn.

  • Er du alderspensjonist, beheld du som hovudregel pensjonen frå oss utan reduksjon. Dette gjeld uavhengig av kor mykje du tener.
  • Er du AFP-pensjonist, blir pensjonen frå oss redusert dersom du tener meir enn toleransebeløpet i eit kalenderår. Dei som jobbar med flyktningar frå Ukraina, er unntekne fram til utgangen av 2024

Nokre vilkår må vere oppfylte for å bli engasjert på pensjonistlønn:

  • Du må ha heilt eller delvis alderspensjon frå Statens pensjonskasse.
  • I Statens personalhandbok står det mellom anna: Det er ein føresetnad at slikt engasjement skal gjelde kortvarig (tilfeldig) arbeid, og ikkje vere oppgåver av fast og varig karakter. Engasjementet skal heller ikkje vere ei vidareføring av eit tidlegare arbeidsforhold.
  • Pensjonistlønn kan ikkje kombinerast med uførepensjon.

Pensjonistlønn per 1. januar 2025:

  • 258 kroner per time

Undervisingspersonell

For undervisingspersonell som har teke ut alderspensjon, men som blir engasjerte til å undervise på pensjonistvilkår, gjeld eigne reglar. Per 1. januar 2024 blir pensjonistlønn for undervisingspersonell tilknytt kommunal tariff rekna slik:

258 kroner per time × 1 400 / årsramma i faget

Kontakt arbeidsgivaren din dersom du har spørsmål om pensjonistlønn for undervisingspersonell tilknytt kommunal tariff.

Pensjonistlønn utover dei normale satsane

Frå 2024 har kommunar og helseføretak som opplever rekrutteringsutfordringar fått høve til å engasjere pensjonerte sjukepleiarar og pensjonert undervisingspersonell på pensjonistlønn, med tillegg utover dei normale satsane.

Kontakt arbeidsgivaren din dersom du har spørsmål om pensjonistlønn etter desse reglane.