Kva kan eg låne til?
Som medlem kan du søke SPK om lån til å kjøpe ny bustad, lån til refinansiering og oppussing, samt lån i samband med skifte- og arveoppgjer. Vi tilbyr ikkje rammelån.
Slik låner du til ny bustad
Når du har fått tilslag på ein bustad, kan du søke om lån til kjøp av bustaden hos oss. Du kan låne inntil 2 300 000 kroner, og vi treng ikkje førsteprioritet. Er to i husstanden medlemmar i SPK, kan de låne inntil 2,3 millionar kroner kvar.
Lånet i SPK kan også vere ei delfinansiering som du kan kombinere med lån i en annan bank. Slik søker du:
- Fyll ut den elektroniske lånesøknaden vår
Hugs å sende inn søknaden så snart som mogleg – seinast 3-4 veker før overtaking. - Vi tar kontakt med deg når vi behandlar søknaden din.
- Signer lånepapira vi sender deg på e-post når du får tilbod om lån. Dersom du ikkje har valt elektronisk signatur av lånedokumenta, sender vi deg svar i posten.
Ta kontakt med oss dersom du har spørsmål om å ta opp lån.
Berre lån til kjøp av eigen bustad
Du kan berre søke om lån til kjøp av eigen bustad. Som eigen bustad reknast bustad der du har den folkeregistrerte adressa di. Vi finansierer ikkje lån til kjøp av bustad som du sjølv ikkje skal bu i.
Ikkje lån til hytte eller bygging av ny bustad
Vi kan ikkje gi lån til kjøp av hytte eller annan fritidsbustad, eller byggelån for å bygge ny bustad.
Ikkje finansieringsbevis
Vi tilbyr ikkje finansieringsbevis. Du må derfor ta kontakt med banken din for å få det. Sjølv om du ber om finansieringsbevis i banken din, treng du ikkje ta opp lån der. Eit finansieringsbevis er ikkje det same som ei lånetilsegn.
Ikkje mellomfinansiering
Vi tilbyr ikkje mellomfinansiering. Mellomfinansiering er finansiering av den nye bustaden din før du har fått oppgjer for den gamle bustaden.
Flytting av lån og refinansiering
Flytte lån frå annan bank til oss
Dersom du har lån i ein annan bank, kan du flytte heile eller deler av lånet – inntil 2,3 millionar kroner – til oss. Slik søker du:
- Fyll ut lånesøknaden vår
- Signer lånepapira vi sender deg på e-post når du får tilbod om lån. Dersom du ikkje har valt elektronisk signatur av lånedokumenta, sender vi deg svar i posten.
- Når lånedokumenta er signerte, blir pantedokumentet klargjort for tinglysing hos Statens kartverk.
- Når dokumentet er tinglyst, blir lånet ditt formelt flytta til oss.
Refinansiere slik at alt lån blir samla hos oss
Dersom du har lån hos oss og i ein annan bank og ønsker å refinansiere slik at alt lån blir samla her, kan du gjere det slik:
- Fyll ut den elektroniske lånesøknaden vår
- Det kan hende vi kontaktar deg og ber om same informasjon som vi gjorde sist du fekk lån. Årsaka til at vi spør på nytt er at skattemeldinga og lønnsslippen kan vere utdaterte.
- Signer lånepapira vi sender deg på e-post når du får tilbod om lån. Dersom du ikkje har valt elektronisk signatur av lånedokumenta, sender vi deg svar i posten.
- Lånet ditt blir utbetalt direkte til annan långivar.
Lån til oppussing og rehabilitering
Du kan søke om lån til oppussing og rehabilitering av bustaden din. I tillegg kan du søke om lån til blant anna bygging av garasje, samt oppgradering av uteområda. Vi gir ikkje lån til bygging av bustad. Fyll ut søknadsskjemaet som vanlig, og ta med informasjon om kva slags utbygging som skal utførast. Slik søker du:
- Fyll ut lånesøknaden vår
- Signer lånepapira vi sender deg på e-post når du får tilbod om lån. Dersom du ikkje har valt elektronisk signatur av lånedokumenta, sender vi deg svar i posten.
- Du må returnere lånetilbodet saman med dokumentasjonen vi ber om.
Lån til skifte- og arveoppgjer
Du kan søke om lån i samanheng med skifteoppgjer og arveoppgjer. Du kan låne inntil 2 300 000 kroner, vi treng ikkje førsteprioritet. Slik søker du:
Skifteoppgjer ved skilsmisse
- Du kan søke om lån i samanheng med skifteoppgjer. Lånet skal ha til formål å kjøpe tidlegare ektefelle/sambuar ut av bustaden. Dette må dokumenterast med kopi av skifteavtalen der vi kan sjå overtakingssummen.
- Fyll ut lånesøknaden vår
- Signer lånepapira vi sender deg på e-post når du får tilbod om lån. Dersom du ikkje har valt elektronisk signatur av lånedokumenta, sender deg vi deg svar i posten.
- Vi vurderer søknaden når han kjem inn, og behandlar han så raskt som mogeleg.
Arveoppgjer
Du kan søke om lån i samanheng med arveoppgjer. Vi gir berre lån til arveoppgjer dersom du skal bu permanent i bustaden du søker om lån til. Slik søker du:
- Fyll ut lånesøknaden vår
- Signer lånepapira vi sender deg på e-post når du får tilbod om lån.
- Dersom du ikkje har valt elektronisk signatur av lånedokumenta, sender vi deg svar i posten.
- Vi vurderer søknaden når han kjem inn, og behandlar han så raskt som mogeleg. Vi gir ikkje lån til forskott på arv.
Lån ved flytting av arbeidsplass
Kjøper du ny bustad som følgje av at arbeidsplassen din er flytta, kan du søke om ytterlegare 750 000 kroner. Da kan du låne inntil 3 050 000 kroner. Slik søker du:
- Fyll ut lånesøknaden vår
- Vel låneformål «kjøp». Maksimalt lånebeløp i låneordninga er 2 300 000, dette er også ei avgrensing i utfyllinga av lånesøknaden.
- Hugs at du må informere om at du søker om utvida låneramme i kommentarfeltet.
- Last opp skattemelding og lønnsslipp for husstanden.
- Vi treng også dokumentasjon frå arbeidsgivaren din om flytting av arbeidsplass.
- Når søknaden er mottatt, blir den vurdert av ein saksbehandlar hos oss.
- Vi sender deg eit lånetilbod som du må signere med BankID.