Opplyste pensjonsval – innføring av ny offentleg tenestepensjon
Frå og med 2020 gjeld nye reglar for offentleg tenestepensjon for alle som er fødde i 1963 og seinare. Denne utgreiinga frå Statens pensjonskasse tek for seg korleis SPK bør vareta regelverket for offentleg tenestepensjon, slik at intensjonane bak pensjonsreforma vert oppfylte.
Om konseptvalutgreiinga
Nye reglar for offentleg tenestepensjon er ei viktig brikke i reforma av det norske pensjonssystemet. Med nye reglar får borgarane større ansvar for eigen pensjon.
For Statens pensjonskasse (SPK) som pensjonsleverandør påverkar regelendringane både arbeidsprosessar og systemløysingar. På fleire område må SPK tenke nytt for å oppfylle intensjonane bak pensjonsreforma for alle involverte partar.
Større ansvar for eigen pensjon
Kvar borgar må no ta eit større ansvar for eigen pensjon i alt frå karriereval og val av pensjonsleverandør til å planlegge eigen seniorøkonomi. Når borgarane når pensjonsalder, må dei ta ei rekke val som påverkar det økonomiske handlingsrommet deira for resten av livet.
Auka mobilitet i arbeidsmarknaden gjer at mange nordmenn har pensjonsopptening i fleire ulike pensjonsordningar på tvers av privat og offentleg sektor. Det gjer at val som er knytte til uttak av offentleg tenestepensjon frå SPK, må sjåast i samanheng med annan pensjon du kan ha rett på.
Konsepta speglar ambisjonsnivå
Konseptvalutgreiinga Opplyste pensjonsvalg – innføring av ny offentlig tjenestepensjon tek for seg naudsynte endringar som følger av nye pensjonsreglar. Rapporten skildrar seks ulike konsept for korleis medlemmer i SPK skal kunne ta ut pensjon på ein trygg og effektiv måte, og samtidig forstå konsekvensane av ulike val.
Dei seks konsepta speglar ulike ambisjonsnivå for samarbeid mellom aktørane i pensjonsmarknaden og dekker også behova til framtidige pensjonistar i ulik grad.
Status i arbeidet med konseptvalutgreiinga
- Rapporten med konseptvalutgreiinga vart levert til Arbeids- og inkluderingsdepartementet i januar 2022.
- Utgreiinga skal kvalitetssikrast av ein ekstern kvalitetssikrar. Dette arbeidet (KS 1) startar i februar 2022.
- Etter at tilrådingane frå kvalitetssikraren ligg føre, vil regjeringa ta endeleg val om kva konsept SPK skal jobbe vidare med (august 2022).