Sportsklubben
Hos oss er sport verkeleg eit utvida kulturomgrep. Det er Sportsklubben som står bak både dei sportslege og dei sosiale aktivitetane våre.
Alle tilsette i Statens pensjonskasse vert automatisk medlem i Sportsklubben. Klubben har lange tradisjonar. Den vart stifta 24. januar 1935 og protokollen frå den gongen vitnar om stor aktivitet. Sportsklubben er særs viktig for det gode arbeidsmiljøet vi har i Statens pensjonskasse.
Kultur
Sportsklubben arrangerer våre årlege sommar-, haust- og vinterfestar, pluss lønningstreff. Ei eiga teatergruppe inviterer fleire ganger i året til førestillingar med fellesmiddag i forkant.
Sportslege aktivitetar
Statens pensjonskasse har eit fotballag i bedriftsserien, og vi stiller som regel i Holmenkollstafetten, Sentrumsløpet og Oslo Maraton. Vi har òg ein gjeng som speler innebandy, og ein gjeng ivrige syklistar.
SPK har òg avtale med ein treningskjede i nærleiken og tilbyr eigne treningstimar.