Nyheiter

Slik brukar du kunstig intelligens som pensjonsrådgivar

Kunstig intelligens kan gjere pensjon enklare å forstå, men ikkje bruk KI som fasit når det gjeld eigne tal og pensjonsval, råder Statens pensjonskasse.

Publisert 06.10.2026
Portrett av Lars Martin Bjørnsrud Hopmoen i Statens pensjonskasse. Foto: Sivert Almvik / Statens pensjonskasse.
Bruk gjerne kunstig intelligens (KI) til å sette deg inn i pensjonssystemet, men ikkje stol blindt på svara du får, seier pensjonsekspert Lars Martin Bjørnsrud Hopmoen i Statens pensjonskasse. Foto: Sivert Almvik / Statens pensjonskasse.

Stadig fleire brukar ChatGPT og andre KI-verktøy. Når det gjeld pensjon, er det nyttig å vite kva KI faktisk kan svare på, og kva opplysningar du bør sjekke mot andre kjelder.

– KI kan for eksempel forklare vanskelege omgrep eller gi ei god oppsummering av kva AFP er. Når det gjeld din eigen pensjon og kva som gjeld for akkurat deg, gir KI ofte feil svar, seier pensjonsekspert Lars Martin Bjørnsrud Hopmoen i Statens pensjonskasse (SPK).

KI veit ikkje kva som gjeld for deg

Pensjonsreglane varierer frå person til person, også for offentleg tilsette. Fødselsår, pensjonsalder, tidlegare jobbar og vilkår for ulike delar av pensjonen har noko å seie for berekninga. AFP har for eksempel eigne vilkår som må vere oppfylte.

– Spør du KI kor mykje du vil få i pensjon, kan du få ein konkret sum i svaret. Men KI-en har ikkje tilgang til heile pensjonshistoria di og veit ikkje kva reglar som gjeld for akkurat deg, eller om du oppfyller bestemte vilkår. Eit konkret svar er derfor ikkje det same som eit riktig svar, seier Bjørnsrud Hopmoen.

Dobbeltsjekk svaret før du tar økonomiske val

Kundesenteret i SPK ser stadig fleire eksempel på at folk har brukt KI til å få svar på pensjonsspørsmål – med varierande resultat.

– KI-en gir mange antakingar og gjettar på både berekningar og reglar. Bruk gjerne KI til å lære meir, men dobbeltsjekk svara før du tar viktige økonomiske val. Pensjon er trass alt noko du skal leve av i fleire tiår framover, understrekar Bjørnsrud Hopmoen.

Dei fleste pensjonsleverandørane har kalkulatorar og digitale rettleiarar på nettsidene sine. Der kan du utforske ulike moglegheiter og sjå kva pensjonen kan bli.

Tre ting å hugse på dersom du spør KI om pensjon

  1. Bruk KI til å lære og forstå.
    Be gjerne KI om å forklare pensjonsomgrep eller forenkle informasjon du har fått frå pensjonsleverandøren eller arbeidsgivaren din.

  2. Ver forsiktig med eigne tal.
    KI har ikkje tilgang til pensjonshistoria di og veit ikkje nødvendigvis kva reglar og vilkår som gjeld for akkurat deg. Tenk òg over kva personlege opplysningar du deler med KI.

  3. Dobbeltsjekk alltid før du tek eit val.
    Lurer du på kor mykje du vil få i pensjon, når du bør ta ut pensjon eller kor lenge du skal jobbe, bør du bruke dine eigne tal i berekninga for å få eit mest mogleg riktig svar. Dei fleste pensjonsleverandørane har kalkulatorar som også tar med pensjon frå folketrygda (Nav) i berekninga. Det er informasjon som KI-agentane som oftast ikkje har.